No er vi ved vegs ende. Med sommaren altså. Vi har vore på vår årlege biltur nordover. Om lag 400 mil er tilbakelagt i dette lange landet. Litt for langt for dei som har interesser og tilhøyrsle både i nord og sør. Lange etappar langs delvis keisame E6, om ein då ikkje sørger for å ta avstikkarar undervegs.
Trøndelag
Indre Fosen
Det meste fèr vi fort forbi, men eit par stopp blir det jo. I år vart det Indre Fosen i Trøndelag som fekk ein visitt. Nærare bestemt Råkvåg, som har den lengste bryggerekka i Norge utanfor byar. Råkvåg ligg ved Stjørnfjorden, som ein gong var ein av landets beste sildefjordar. Dette skapte arbeidsplassar, ikkje minst for kvinnene. Det var også dei kvinnelege arbeidarane på hermetikkfabrikken som sto for den første streiken på Fosen-halvøya nokonsinne. Bakgrunnen for streiken var at dei fekk mykje mindre betalt enn mennene. Utstillinga på Kulturbrygga illustrerer historia. Det er mykje liv og røre i Råkvåg om sommaren, med sommergjestar som fyller overnattings- og serveringsstader. Sjølv inntok vi eit godt fiskball-måltid her.
Vi stoppa også i Rissa, på staden for Rissa-raset i 1978. I løpet av 45 minutt raste 5–6 millionar kubikkmeter leire ut frå eit område på 330 mål og etterlot ein skredkant på 1,5 kilometer. Femten gårdsbruk, to bustadeigedomar, ei hytte og eit grendehus forsvann heilt eller delvis i leirmassane. Ein person omkom. Skredet førte også til store materielle skader på tettstaden Leira på motsett side av Botnen, då ein tre meter høg tsunami slo inn kort tid etter at hovudskredet gjekk.
Snåsa
Dette var ikkje einaste stoppet i Trøndelag. Vi overnatta på Snåsa hotell, som hadde sine glansdagar i tida då Joralf Gjerstad – «Snåsamannen» – praktiserte sine evner. Det spørs om ikkje botnlina for hotellet kjem til å sjå annleis ut no når han har gitt seg. Men Snåsa, som inngår i det sørsamiske området, er uansett verd eit besøk. Ved Snåsavatnet finn ein også «Bølareinen«, som er hovudmotiv i eit større helleristningsfelt som ligg nokre hundre meter ovanfor vatnet. Det er berre å forlate E6 og velje austsida av vatnet i staden.
Når det gjeld overnattingar på turen nordover, hoppar eg over Vågåmo og overnattinga på hotellet der. Dit nådde vi etter å ha lagt vegen over Fillefjell og Valdresflya, slik som i fjor. Frå Snåsa bar det strake vegen nordover, og før midnatt same dag kunne vi låse oss inn i min andre bustad i Sundlia i Bardu. Deretter var det som vanleg to-tre dagars innsats med grasklipparen. For her har grasproduksjonen vore normal, i motsetnad til sørpå der tørken har ført til fôrmangel og nødslakt. Eg skal ikkje no ta oppatt mine bekymringar om tilgroinga på bygdene, det har eg ytra meg om tidlegare. Kanskje ei løysing kunne vere å innføre geiter, slik som dei har gjort på byfjella i Bergen? Dei kunne nok hamle opp med gras, ugras og kratt på dei gamle ekrene, både i bratte bakkar og på flatene. Det er mykje ressursar som kunne vore nytta både til landskapspleie og matproduksjon.
Troms
Så gjekk no dagane, det vart stadig varmare inn mot månadsskiftet juli/august. Dag etter dag med temperatur på 30-talet, opp til 33 grader. Høge sommartemperaturar på desse kantar er no ikkje heilt uvanleg når høgtrykket ligg trygt plassert over Kolahalvøya. Men det vart litt spesielt i år. Eg kan forsikre om at vi aldri før har ete frukost ute i hagen, i skuggen. Kven saknar vel Syden då?

På heimlige trakter blir det helst gjensyn med kjente og kjære turmål. Barduelva, Nessan, Sundlifjellet og Kvilarsteinen, for å nemne noko. Og Målselvfossen saman med våre tyske gjester, som hadde med seg hunden Hoshi på ferie. Besøket vart dessverre litt avkorta på grunn av at Hoshi på grunn av ein sårinfeksjon hadde blitt operert hos dyrlege i Steinkjer, og no var det oppstått litt problem med dette.

Senja
Vi ville jo gjerne vise fram litt meir av landsdelen, og då var Senja eit opplagt val. Temperaturen var stigande. Første stopp på den nasjonale turistvegen på Senja var Ersfjordstranda, som denne dagen var fylt med folk som bada og kosa seg. Her finn vi også den berømte «Gulldassen».

På den spektakulære rasteplassen Tungeneset tok vi farvel med våre tyske vener.

Ersfjordstranda er ei perle, men det spørs om ikkje ho vert slått av stranda i Bøvær like utanfor Skaland, der vi overnatta. Blikkstille på havet, perfekt for padletur til holmane utanfor Hamn. Ein dag vi ikkje gløymer. Og på tampen av dagen ein visitt til Kråkeslottet, der det i juli var kunstfestival.
Utanfor kyrkja i Skaland står ein byste av Ingrid Bjerkås, Norges første kvinneleg prest, som etter mykje motstand fekk si første stilling som sokneprest i Berg og Torsken. På same plassen står også minnetavle med namn på dei som omkom då fiskebåten «Utvik Senior» forliste i 1978 etter å ha kollidert med eit ukjent fartøy. Det har i årevis vore debatt om kva som eigentleg hendte. Det er no på trappene ei teaterførestilling om hendinga.
Turen gjekk vidare, til Gryllefjord i Torsken for å ta sommerferja over til Andenes. Dette skal jo vere ei opplevingsreise, der ein kanskje til og med kan sjå kval dersom ein er heldig. Ferjestrekket inngår i praksis som del av den nasjonale turistvegen.
På ferjer i Norges land er det vanleg med serveringstilbod, i alle fall dersom turen er av ei viss varighet. Ikkje slik her. På denne 1 time og 40 minutters overfarten var dei fleste utanlandske turistar. Sjølv hadde vi utsett lunsjen denne dagen, i forventing om ein matbit (og svele!) på ferja. Blodsukkeret var derfor på lågt nivå då vi køyrde ombord. Og lunta tilsvarande kort. Eg vart rett og slett rasande og innstilt på betalingsnekt. Ikkje var det reint på toaletta heller.
Ferjeruta, der selskapet Torghatten for tida er konsesjonshavar, er først og framst retta mot turistar. Ein må punge ut ganske mykje for turen. Prisen for bil under 6 m og 1 voksen passasjer er 882 kr. Med billett kjøpt på Troms fylkestrafikk sin app kostar tilsvarande 662 kr. Det er sjølvsagt ingen turistar som har lasta ned appen. Forvirring var det også med betalinga. Det sto eit oppslag om å betale i ei luke som viste seg å vere stengt heilt til siste halvtime av turen. I det heile tatt, dette er dårleg reklame for turist-Norge.
Andøya
Men vi kom no vel fram til Andøya, med overnatting i Aurora gjestehus som held til i eit bygg i den nedlagte militærleiren i Skarsteindalen. Her er det ulike interessante former for etterbruk av bygningsmassen.
Dagen etter vart ein draumedag. 30 plussgrader på Andøya er ikkje kvardagskost. Vi dro til Bleik på vestsida, og la oss til på den fantastiske Bleikstranda. Opphavleg plan om å padle kajakk ut til Bleikøya vart skrinlagt på grunn av litt for mykje vind. Så vi gjekk glipp av nærkontakt med lundefugl og havørn.
Indre Troms
Vi hadde også planar om å utforske øyane utanfor Harstad, men også det vart skrinlagt og vi tok på heimveg. Tropevarmen viste seg å vare i enda fleire dagar. Det vart padletur på Aursfjorden, fjelltur på Myrefjell og strandtur til Fjellfroskvatnet, før det vart regn og torden og temperaturfall til behagelige 20 grader.


No vart det slutt på godvêret for ei stund, og det passa i grunnen bra, for då kunne vi omsider gå i gang med sommarens oppussingsprosjekt, maling av stua. Resultatet er vi vel nøgde med. Sekundærbustaden har no eit diskret retropreg med nokre meir moderne innslag. Min snekkerfar sine møblar er bevart, saman med eit utval av mor sine sofaputer samt familieportrett på veggen, i det vesentlege av besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen. Generasjonane kan også møtast i interiørsamanheng.
Så kom nokre dagar med besøk og bærturar. Vêret tok seg opp til normal og behageleg turtemperatur. Det er ikkje tilfeldig at turane nordover blir lagt til tida då fjellets gull modnast. Ikkje beste moltehausten i år, men rikeleg med blåbær.
På heimveg
Det vart etter kvart på tide å vende nesen sørover igjen. Det vil i år seie E6 utan anna stopp før Trondheim enn overnatting i Mo i Rana. Sjølv om strekningane her ikkje når heilt opp i konkurransen med Lofoten og andre spektakulære område langs Nordlandskysten, er det nok av landskap som kan nytast. Ingen andre stader i landet ser ein slike reinskurte og utsøkt modellerte fjellsider. Og frå ferja Bognes – Skarberget kan ein innover mot Tysfjord også sjå Stetind, kåra til Norges nasjonalfjell. Kråkmoberget er eit anna ikonisk fjell langs vegen.
Trondheim
Den 17. august var vi inviterte til doktordisputas og påfølgjande middag i Trondheim for min nevø som har fått utdelt gode matematikkgener. For min sambuar vart det også gjensyn med tidlegare studiestad, for meg var det første besøk på Gløshaugen der Norges teknisk-vitenskapelege universitet NTNU held til. Prøveførelesinga med tema «Deep learning» (stikkord maskinlæring/kunstig intelligens) og disputasen om doktoravhandlinga med tittel «Discrete gradient methods in image processing and partial differential equations on moving meshes» gjekk sjølvsagt milevis over hovudet på dei fleste av oss familiemedlemene. Men vi fekk i det minste innblikk i korleis dette kan anvendast. Mellom anna kan metoden brukast til å fylle inn ufullstendige bilete. Eit konkret eksempel er korleis det litt sundrivne gamle biletet av min mors sitt yndlingssøskenbarn kunne reparerast!
I trappeoppgangen i elektrobygget der disputasen fann stad er det eit veggmaleri som nok illustrerer den historiske mannsdominansen ved denne institusjonen. Dette har betra seg, men i realfaga er kvinner framleis i mindretal.
Vi hadde eit ærend i Oslo og dermed vart det ein ny variant sørover, til Røros og vidare gjennom Østerdalen, der vi denne gongen ikkje stoppa på Tynset, der mykje av slekta stammar frå. Frå Oslo nøyer eg meg med eit bilete frå Akerselva, som også ser ut til å vere i bruk til kajakkpadling. Etter ein dag i Oslo var det rett heim til Bergen over Hardangervidda.
Denne oppsummeringa av sommarens opplevingar inneheld hummer og kanari. Men slik er det no både med sommaren og livet forøvrig. Når eg no som pensjonist ikkje vender tilbake frå ferie til jobb slik som før, må eg nesten innrømme at eg får eit snev av limbo-kjensle. Men dagane er ikkje så vanskeleg å fylle likevel, heldigvis. Og når det no ikkje blir reiseblogg på ei stund, kjem eg nok til å snevre inn temaene.

Fantastiske minne! 🌞😎Men ferge utan svele – den går ikkje😠
LikarLikar
Det var ikkje berre svela som mangla – ikkje ein matbit å få!
LikarLikar