Graving, gymnastid og gjensyn

Nett som i fjor ved midtsommartid sit eg og stirer ut på eit grått og vått landskap. Den bergenske sommaren byrjar å likne på seg sjølv.  Sommaren med sandaler og badeliv vart unnagjort i midten av juni. Og junidagene eg tilbrakte i nord, i håp om å få glimt av midnattsol og elles nyte naturen i det fri, vart ikkje slik eg hadde tenkt. Og då tenkjer eg ikkje berre på vêret, som denne gongen verkeleg var elendig.

Eg er ikkje imot overraskingar og at ting tar andre vendinger, men det vart litt mykje denne gongen. Eg introduserte problemet (tett kloakk og oversvømt kjeller) i forrige blogginnlegget. Etter mykje forgjeves telefonering til maskinentreprenørane rundt omkring i indre Troms fekk vi til slutt napp hos Dig Maskin i Bardu, med Hans-Marius som viste seg å vere ein sann virtuos med gravemaskina. Det måtte gravast djupt for å lokalisere det kritiske punktet, der det gamle og sundbrotne avløpsrøret låg. Av ein eller annan grunn hadde altså ikkje  denne rørdelen blitt bytta ut og kopla skikkeleg til den kommunale ledninga i samband med tidlegare legging av nye rør.

Seint på sundagkvelden, etter ei vekes pumping av kjellaren med tre-timars intervaller, var problemet fiksa og holet fylt igjen. Det måtte gravast i offentleg gang- og sykkelveg, noko som blant anna skapte litt problem særleg for syklistane og dei som kom på rulleski.

IMG_6447.JPG
Hans-Marius svingar grabben i avslutningsfasen

Sidan eg i den seinare tid har hatt erfaring med kirurgiske inngrep (broten venstrearm) vart eg inspirert til å sjå likskapen mellom desse to operasjonane. Graving og legging av rør og leidningar, særleg på stader der det ligg begravd anna viktig infrastruktur, er også ein slags kirurgi. Det eine er ikkje viktigare enn det andre. Eg nyttar altså også no høvet til å legge inn eit godt ord for fremjing og oppvurdering av yrkesfaga.

Då er det også nærliggjande å reflektere litt over kva som er nyttig arbeid. David Graeber (!), professor i sosialantropologi ved London School of Economics, har skrive om fenomenet  «bullshit-jobber» . Han viser mellom anna til jobbar innan finans, telefonsal, selskapsrett, human relations, PR og talrike administrasjonsstillingar. Vi kunne arbeidd 15 timar i veka (jf. økonomen John Maynard Keynes (1883-1946)), men meiningslause jobbar stel tida vår og bryt oss ned psykisk, hevdar han. Dette har også vore tema på NRK.no.

Eg var nyleg invitert på den tradisjonelle sommaravslutninga på min gamle arbeidsplass i fylkeskommunen. No skal eg på ingen måte trekke parallellar mellom bullshit-arbeid og det samfunnsnyttige og meiningsfylte arbeidet som blir utført i fylkesadministrasjonen. Men no i desse regionreformtider skal fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman til storfylket/regionen Vestland. Alt dette har medført, medfører og vil kome til å medføre tunge prosessar og mykje organiseringsarbeid i årevis framover. Same kor framoverlent og effektiv ein ønskjer å vere i dette arbeidet vil det gå med mykje tid og energi til slikt som lite har å gjere med kjerneoppgåvene til fylkeskommunen. Pr. i dag veit ein jo heller ikkje kva som kjem til å vere kjerneoppgåvene!

På toppen av det heile skal heile fylkesadministrasjonen flyttast ut av sentrum,  til Sandsli, altså nesten til Flesland, for eit tidsrom på tre år frå 2020 mens det blir bygd nytt fylkeshus slik at ein er rigga for den nye tid.  Eg tipper ein og annan undervegs kan kome til gjere seg tankar om kva som er meiningsfylt arbeid. Eg trur eg avslutta mitt arbeidsliv i rette tid.

No seier eg meg ferdig med graveprosjekt og sidesporet om meiningsfylte/ikkje-meiningsfylte jobbar, og går over til noko heilt anna. Eg har alt i tidlegare innlegg antyda at det var jubileum på gang. Ja, eg sørga jo for å vere russ i det magiske året 1968, i Tromsø. Så eg sette meg altså på bussen til ishavsbyen, og overlot utfordringane til sambuar og Dig Maskin mens eg feira. Då eg kom heim sundag kveld var problema så godt som fiksa. Godt å vite at ein ikkje er uunnverleg. Men det er eg som må ta den litt dryge rekninga.

Tromsørussen 1968

Eg gjekk altså ut av Tromsø Gymnas (som no heiter Kongsbakken vidaregåande skole) i 1968. Då hadde eg, som andre skoleflinke ungdommar frå bygda, budd på hybel i tre år for å ta artium, som det også heitte den gongen. Eg kunne nok ha gått på det gymnaset som låg noko nærare, på Finnsnes, men eg kjente ei dragning mot det urbane livet.

fullsizeoutput_3a59
Jubileumsopning på Verdensteatret. Mi venninne Kirsti fortel om gymnastida som integreringsprosjekt
 Å få innpass i Tromsø-miljøet kunne vere ei utfordring. Tromsø har ord på seg for å vere ein inkluderande by, og vi som kom utanfrå vart jo ikkje haldne direkte utanfor. Men det var altså eit visst skilje mellom «byfolk og bona». Så vi fann jo gjerne saman vi då, som kom frå Bardu, Senja, Lyngen og Karasjok. Det gjekk seg til etter kvart, og i dag kan eg i alle fall konstatere at integreringsprosjektet er fullført.

fullsizeoutput_3a70.jpeg
I dag er integrering eit tilbod på skolen si oppslagstavle

For det var ikkje vanskeleg å finne att tonen etter alle desse åra. Merkeleg kor unge ein held seg i hovudet, sjølv om det ytre elles har endra seg ein smule. Eg hugsa til og med namna på dei eg ikkje kjente spesielt godt den gongen. I dag opplever eg jo stadig afasi når det gjeld namn.

Det var lagt opp til eit rikhaldig program. Eg sløyfa torsdagskvelden på Ølhallen, og starta heller fredagen 8. juni på Skarven, før turen gjekk til offisiell jubileumsopning på Verdensteatret, Nord-Europas nest eldste kino. Deretter omvising i den nesten ferdige nye hamneterminalen på Prostneset, som vart opna 22. juni.

fullsizeoutput_39e5
Utsikt frå den nye hamneterminalen på Prostneset

Så vart det busstur ut til Tønsvikdalen, der det var rigga til måltid på middelaldertunet (sjå bileta under).

Laurdag morgon var det fotografering på trappa på Kongsbakken, nett slik som i 1968. Det vil seie, eg kom for seint til fotoseansen den gongen og er derfor ikkje med på biletet. Men eg høyrde altså til dei grønkledde. Blårussen hadde raude drakter, gutane var i stilige dressar. Det var ein litt annan stil på russen den gongen. Vi måtte forresten sjølve sørge for å få draktene sydd, det var ikkje snakk om ferdig konfeksjon, og dette var før nokon hadde oppdaga markedspotensialet knytta til russefeiringa.

fullsizeoutput_3a6c.jpeg
Tromsørussen i 1968, minus underteikna

Så var det omvising i skolebygget, som no er kraftig opprusta i tråd med tidas krav. Det er blant anna nytt tilbygg og det er kome bibliotek og kantine i underetasjen.

IMG_6431
Slik kantine kunne vi berre drøyme om i vår tid

Vidare utover dagen var det triveleg lunsj på restauranten på Fløya, etter ein frisk tur over Tromsøbrua for nokre av oss, og etter tur opp med den superraske nye fjellheisen. Dei som ville, kunne også gå den nye sherpatrappa. Det var ikkje særleg fristande i det trasige vêret, men nokre spreke valgte å gå nedover etterpå.

fullsizeoutput_39dc
Til fots ned sherpatrappa frå Fløya

Etter nokre timars kvil (heilt naudsynt i vår alder) var det å ta seg ut på Sydspissen, der den store russefesten fann stad for 50 år sidan, og der vi også feira 40 års jubileumet (ja, dei fleste av oss hadde nok møttes etter 1968…). Utsøkt servering, ganske roleg underhaldning (bl.a. quiz med Kahoot, ein følgjer jo med i tida), samtalar og først etter kl 1 var det nokre få som tok seg ein roleg svingom på dansegolvet. Det er kanskje slik at ein med åra set meir og meir pris på den «gode samtalen»? Det er ein del ting ein er ferdig med, liksom.

Då var det førebels punktum for forsommaren sitt Nord-Norgesbesøk. Men vi kjem nok køyrande nordover på seinsommaren, håpar ikkje det heilt usannsynleg dårlege vêret hittil har øydelagt for moltehausten.

Etter at eg byrja på dette innlegget, er også sommaren komen tilbake til Bergen. Ikkje like heit som tidlegare, men ein kan i alle fall ta på seg sandalene igjen og legge frå seg paraplyen.

 

 

 

 

Kommenter innlegget