Eg har vore på reise i Vietnam. Min generasjon har eit spesielt forhold til dette landet. Vietnamkrigen følgde oss gjennom ungdomstida, og førte til opprør og politisk engasjement. No, 40 år seinare, fekk eg i løpet av 13 februardagar sjå landet med eigne auge, saman med 20 andre bergensarar, dei fleste i sin beste pensjonistalder. Vi kom midt i førebuingane til nyttårsfeiringa (Tét), og fekk også oppleve sjølvaste nyttårsaften på tampen av turen.

Litt om landet Vietnam
Offisielt norsk namn på landet er «Den sosialistiske republikken Vietnam». Eg er usikker på om denne eittpartistaten med markedsøkonomi passar heilt inn i det vi på våre kantar meiner med sosialisme. Det kjem eg tilbake til.
Landet har over 90 millionar innbyggjarar og eit landareal på 310 000 km2. Til samanlikning har Norge vel 5 millionar innbyggjarar på nesten same landareal. Dei to landa har om lag same avstand frå nordlegaste til sørlegaste punkt, og lang kystline. Men der stoppar likskapen.
Etter Vietnamkrigens slutt i 1975 vart Nord-Vietnam og Sør-Vietnam sameint med Hanoi som hovudstad. Ho Chi Minh-byen (tidlegare Saigon) er største by. Det er tydelege skilnader mellom nord og sør på fleire vis, både når det gjeld klima, tradisjonar og økonomisk utvikling. Og mentalitet, ifølgje vår guide som kom frå sør: i nord er dei tradisjonsbundne og konservative, i sør føretaksame og opne for det som er nytt.
Vietnam si historie er kompleks og dramatisk. Landet er nær nabo til Kina, som hadde herredømme her i over 1000 år. Seinare vart landet kolonisert av Frankrike, og under 2. verdskrig var det Japan som hadde kontrollen. Landet har vore under påverknad frå fleire land og kulturar, noko som ikkje minst har sett sitt preg på byggeskikken.
Arkitekturen er eit kapittel for seg, med høge og smale hus, dette var visstnok opphavleg eit krav frå kineserane, det skulle sparast på tomtearealet. I dag sprett det opp digre og sterile blokker som står i sterk kontrast til eksisterande bebyggelse.

Etter at den franske kolonimakta var nedkjempa vart landet delt. Eg går ikkje nærare inn på Vietnamkrigen (i Vietnam kalla Amerikakrigen) her. Moglege spor og etterverknader var noko av det vi førehand hadde venta sjå litt av. Men 40 år er gått, det er kome nye generasjonar og som rimeleg kan vere er nok krigen kome i bakgrunnen for vietnamesarar flest.
Les meir om Vietnams historie (Wikipedia).
Turisme og tradisjonar
Vietnam er blitt eit populært reisemål og turisme er ein viktig del av økonomien. I Norge er Vietnamreisene (vi reiste med Vitus frå Bergen) stort sett skorne over same lest, med start i Hanoi i nord, opphald i Hoi An og Hué i sentrale Vietnam, deretter Ho Chi Minh-byen (Saigon) og Mekongdeltaet i sør. Det vil seie låglandet med deltaet rundt den Røde elv i nord og Mekong i sør, samt dei unike kulturhistoriske stadene i sentrale Vietnam. Høglandet i nord, som truleg byr på det vakraste landskapet, står ikkje på programmet. Vi hadde kanskje venta oss større naturopplevingar, ut frå det vi hadde høyrt og sett av bilete på førehand. Det var også lite vi fekk oppleve av dei fine strendene. Men så var ikkje dette nokon badeferie heller. Opp tidleg og fullt program heilt til kvelds. Nesten som ein studietur, og det er jo kjekt, det! Gamle geografar liker slikt.
Det er mange inntrykk som skal fordøyast etter ei slik reise. Vi hadde lokale guidar både i nord, i midten og i sør. Dei var kunnskapsrike, med mykje detaljkunnskap om kultur, historie, religion og tradisjonar. Som turistar blir vi presentert for praktfulle tempel, palass og pagodar frå tida då Vietnam var konge- og keiserdømme. Det vert nesten for mykje av det gode! Men i tillegg hadde vi fleire interessante besøk på lokale handverksbedrifter, finurleg nok med gode moglegheiter for innkjøp!
Offisielt er Vietnam ein ikkje-religiøs stat. Folk flest er likevel i praksis buddhistar. Myndigheitene ser gjennom fingrane med religionsutøving, men dersom ein utelet å oppgi «ingen religion» i identitetspapira sine, kan ein få vanskar, for eksempel når det gjeld å få studieplass. Men buddhafigurar i ulike humør og fasongar er tydelegvis populære i kommersiell samanheng.

Vietnamesarane dyrkar forfedrane sine og i samband med tét er det høgsesong for dette. Gavebrenning er ein litt spesiell skikk. Nokre tradisjonar er heller bisarre. I nord-Vietnam er skikken å gravlegge slektningane sine to gonger. Dei ligg eit par år i jorda før dei vert gravd opp att og beina reinska, før dei vert gravlagt på nytt. Familiegravstadene ligg på familieeigedomen, midt ute i åkeren. Slik er det også sør i landet. Det er yngste sonen som får ansvaret for familien sin gravstad, noko som faktisk kan vere ein bremse for mobiliteten.

Men det var nokre tema som guidane ikkje kom inn på. Om det var på grunn av manglande kunnskap, om dei er for unge, eller om visse ting er tabu er vanskeleg å seie. Mistanken om det siste vart styrka då guiden vår i Saigon ikkje ville vere med inn på utstillingane i Krigsminnemuséet fordi han var sterkt usamd i måten desse var presentert på, og fordi det var auge og øyro alle stader, som han sa. Ytringsfridom om politiske tema har tronge kår.
Dei to guidane vi hadde etter at vi hadde forlete Hanoi kom begge frå sør. Sør-Vietnam var den tapande parten i krigen. Mange sørvietnamesarar flykta herifrå av frykt for represaliar. Fleire av desse kom som båtflyktningar til Norge. Mange, bl.a. far til eine guiden, måtte tilbringe to år i omskoleringsleir etter krigen.
Med tanke på at Vietnam kallar seg eit sosialistisk land, var det overraskande å høyre at folk må betale sjølve for studiar og helsetenester. Vi vart vitne til ei trafikkulukke på ein av hovudvegane. Guiden vår fekk spørsmål om kvifor folk tilsynelatande stod passive rundt personen som låg medvitslaus i vegen. Svaret var at folk kvidde seg for å involvere seg i frykt for å få krav om å betale rekningane.
Svært strenge opptakskrav til høgare utdanning fører til at mange ikkje kjem seg vidare, fekk vi høyre.
Hanoi
Trafikk og miljø
Vi starta reisa i hovudstaden Hanoi og førsteinntrykket var sjokkarta. Første post på programmet her var nemleg tur i tråsykkeltaxi i tjukkaste sentrum. Med eitt var vi midt i eit sydande, eksosfylt og tilsynelatande anarkistisk trafikk-kaos, med tuting på alle kantar.

I Vietnam er tråsyklane bytta ut med motorsyklar. Vi fekk fortalt at Hanoi har ca 9 millionar innbyggjarar og 5 millionar motorsyklar! Trafikkreglar slik vi er vant med gjeld knapt. Her smyg trafikantane seg fram på alle kantar, på kryss og tvers. Motorsyklistane har tydelegvis tatt med seg køyremønstret frå tråsykkeltida. Etter kvart måtte vi likevel moderere førsteinntrykket av kaos og anarki. For det forunderlege er at trafikken ser ut til å fungere. Alle innordnar seg på smidig vis, utan den aggresjonen vi ofte er vitne til mellom trafikantar her til lands. I denne del av verda er det tabu å vise sinne. Tutinga er mest for å varsle, ikkje for å jage andre trafikantar unna.
Men luftforureininga er forferdeleg. Og fotgjengarane må navigere i trafikken på eige ansvar. Motorsyklar blir nytta både til persontransport og varetransport. Heile familien på ein sykkel, opp til fem stykke, store og små. Dei små som regel utan hjelm. Desse dagane var det utstrakt transport av busker og blomar bak på sykkelen, tradisjonen tru skal det dekorerast til nyttår.

At «alle» no har sitt eige motoriserte køyretøy er på sett og vis eit teikn på økonomisk framgang. Om framgangen held fram slik at syklane vert bytta ut med privatbilar, vil det garantert ende med kollaps. Det går bussar, men elles er kollektivtilbodet lite utbygd. I byar av Hanoi og Ho Chi Minh-byen sin storleik skulle ein vente at det vart satsa på bane. Her er ting på gang både i Hanoi og Ho Chi Minh-byen. Det er også satsing på motorvegar. Japan og Australia – i nord også Kina – er land som bidreg i utviklinga av infrastruktur.
Noko av det mest påfallande for oss som er vant til nokonlunde reine omgjevnader, var søppelet som flaut overalt. Med så mange millionar innbyggjarar er det snakk om store volum. Mykje av avfallet såg ut til å vere plast. Truleg er Vietnam ein stor bidragsytar til den globale havforureininga. Ifølgje guiden er haldninga til søppel vanskeleg å endra, men dette er i ferd med å endre seg hos den oppveksande slekt, meinte han.

Teater
I Hanoi fekk vi vere med på ei underhaldande førestilling på vanndokketeatret. Dokkeførarane står i vatn til livet og manøvrerer dokkene på stenger under vassoverflata. Historiane som blir framført bygger på legender. Teatret ligg ved Hoan Kiem-innsjøen, med den raude brua som er vakkert opplyst om kvelden.

Litteraturtempelet
Litteraturtempelet i Hanoi var grunnlagt i 1070 og vigd til Konfutse. Det blir rekna som Vietnams første universitet. Det er eit stort anlegg, med bygg frå ulike epokar, nokre er bygd opp att etter franskmennene sine øydeleggingar.


Skilpadda er symbol for langt liv. Dragen, fugl føniks og karpen er andre tradisjonelle symbol. Yin og Yang (symbol for likevekt) og feng shui er sentrale prinsipp i vietnamesisk livsførsel og kultur.
Ho Chi Minh-mausoleet
Ein annan hovudattraksjon i Hanoi er sjølvsagt Ho Chi Minh-mausoleet. Eg avsto frå sarkofagen, og besøkte heller området rundt, med park, presidentpalasset og stolpehuset som var Ho Chi Minh sin bustad frå 1958 og fram til hans død i 1969. Presidentpalasset, kommunistpartiet sitt hovudkvarter og utanriksdepartementet ligg i same område, ved den store Ba Dinh-plassen.

Forutan nyårsfeiring var det også 88-års jubileum (!) for grunnlegginga av kommunistpartiet i 1930. Plakatane om dette var godt synlege i bybiletet. Politisk propaganda konkurrerte med reklameplakatar for vestlege produkt og multinasjonale selskap. Særleg var dette synleg i Saigon. Inntrykket er at Vietnam i dag framstår som eit nokså schizofrent samfunn. Markedskreftene har fått spelerom og til tross for økonomisk vekst har kløfta mellom rike og fattige blitt større. Og korrupsjon høyrer med i biletet, dessverre.

Ha Long
Ein båttur i Ha Long-bukta høyrer med til dei obligatoriske opplevingane når ein besøker Vietnam. Området står på UNESCO si verdsarvliste. Etter å ha manøvrert mellom dei karakteristiske kalksteinklippane la vi til ved den fantastiske grotta Dong Thien Cung.
I Ha Long ser det ut til at planane om å utvikle staden til ein fasjonabelt resort har stranda. Investorane trekte seg etter noko snusk (korrupsjonsskandale?) for sju år sidan og mange påbyrja bygg står no og skjemmar eit elles naturskjønt område.


Vi overnatta i byen Ha Long, eit par timars køyretur frå Hanoi. Undervegs hadde vi fleire stopp, der vi besøkte lokale bedrifter:

Nord-Vietnam har fire årstider. På denne tida, i februar, gjer våren sitt inntog. No var det heller kjøleg, og boblejakken, som også ser ut til å vere dei innfødde sitt favorittplagg, kom til nytte.
Vietnam er verda sin nest største eksportør av ris. I nord kan ein hauste ris to gonger i året. Utplantinga av ris fell i tid saman med nyttår. I sør, der klimaet er tropisk, kan ein hauste tre gonger og her var avlinga i ferd med å modnast.

Sentrale Vietnam
Etter Hanoi bar det av garde med fly til Da Nang midt i landet. Byen var flybase og spela ei viktig rolle under Vietnamkrigen, også som hamn og som rekreasjonsstad for amerikanske soldatar. I fjellområda i sentrale Vietnam var det harde kampar.
Hoi An
Frå Da Nang reiste vi raskt vidare med buss til vårt første stopp i sentrale Vietnam, den hyggelege og intime byen Hoi An som ligg ved elva Thu Bon.

Byen er blitt ein utprega turistby og vi gjekk i flokk og følgje med andre turistar. Den gamle bebyggelsen ligg ved elvebreidda og er årleg utsett for flaum. Vi besøkte huset til Tan Ky, ei rik kjøpmannsslekt. Byen var tidlegare Vietnams viktigaste hamneby, men elvemunningen vart etter kvart for grunn og Da Nang overtok som hamn. Turistane flokkar seg ved den japanske brua, oppført på på 1500-talet. Det er også ein ynda stad for bryllupsfoto, noko vi vart vitne til.

Vi var på konsert med tradisjonsmusikk og også her var det tempelbesøk. På vandring i eigen regi i Hoi An kom vi tilfeldigvis forbi eit interessant museum med ei flott fotoutstilling av kvinner og folkedrakter frå ulike landsdelar. (Sjå bilete under).


Ein liten båttur unna ligg ei lita øy med ein landsby der det blir vevd tradisjonelle matter. Mattene blir brukt både til sitte- og soveunderlag. No før tét blir både matter og klede hengt ut til lufting. Jenta på biletet hadde vevejobb når ho kom frå skulen. Har ryggen godt av dette arbeidet, tru? Under Vietnamkrigen var øyene her i deltaet i bruk av motstandsrørsla.

Etter Hoi An gjekk turen til keiserbyen Hué og derifrå med fly til Ho Chi Minh-byen (Saigon). Eg delar denne reiseskildringa opp i to bolkar. Resten blir skildra i neste innlegg, som kjem om ikkje så altfor lenge.

Utroleg godt skrive Liv !!! Eg lærte mykje nett no, og eg var guide !!! 🙂
LikarLikt av 1 person
Mange millioner takk. Utrolig hva du får til. 😊
LikarLikt av 1 person