Dølar i sameland

Den 6. februar er samefolkets dag.  I det høvet vil eg gjere litt ære på dagen ved å sjå nærare på samane si historie i Indre Troms.  Eg er ikkje same, men har røter  i dalføra som var i bruk av samar lenge før dølane sørfra innvandra til Bardu og Målselv på 17- og 1800-talet.

fullsizeoutput_3726

Historia om innvandringa frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag har for meg, og sikkert fleire, skygga for historia som knyter seg til tida før bøndene sørfrå slo seg ned i dalane, med medbrakte skikkar og kultur. Oppfatninga har helst vore at dei praktisk talt kom til jomfrueleg villmark. Parallellen til koloniseringa av Nord-Amerika og tilhøvet til urbefolkninga er ikkje vanskeleg å sjå.

I løpet av seinare tid har ein måtte erkjenne at historia er meir nyansert. I tillegg til skriftlege kjelder og nyare forskning har arkeologisk materiale fått fram eit anna og meir samansett bilete både når det gjeld tidsdjupne og tidlegare tiders bruk av områda. Det er steinalderfunn frå Altevatnområdet, Dividalen og Viken i Bardu. Frå jernalder og middelalder er det fleire funn av samiske offerplassar.

Når vi ferdast rundt i kultur- og naturlandskap i Indre Troms trakkar vi altså ikkje berre i spora etter våre forfedre og formødre som slo seg ned som bønder her.  Vi går også i spora etter samefolket, og til fangstfolket som levde her i yngre steinalder, forgjengarane til dagens samar. Fangstgroper og funn av reiskaper vitnar om stor tidsdjupne. Det er også funne fangstgroper like i nærleiken av der eg vaks opp. Sjølve kommunenamnet Bardu har samisk opphav.

Samane vart tidlegare kalla lappar eller finnar (ikkje å forveksle med kvenar). Dei som dreiv med reindrift vart gjerne kalla fjellfinnar.

P8041309.JPG
Rast på Vakkerlåtfjellet i 2010. Etter gammelt var her reindriftsveg mellom Sørreisa og Sverige.

Grensetvister og samiske rettar

Bardu og Målselvområdet var frå gamalt av eit grenseområde og dermed av interesse for fleire statar. Samane vart kravd for skatt både frå Danmark-Norge, Sverige og Russland.  Gjennom fleire århundre var det grensetvister mellom Norge og Sverige, spesielt på Nordkalotten. I 1742 var det oppnevnt ein grensekommisær, Peter Schnitler, som fekk i oppdrag å oppta vitneprov frå bumenn og samar om grensespørsmålet. Protokollane frå dette arbeidet er ei rik kjelde til kunnskap om tilhøva på den tida. Frå eksaminasjonen i Sørreisa i 1743 får vi dei første opplysningane om fast reindriftsveg gjennom Bardu. Her vart også opplyst om korleis området mellom kysten og riksgrensa i Bardu og Målselv vart brukt om sommaren. Dei hadde sine faste plassar, som ved behov vart tillempa av samane sjølv.

I samband med grensetraktaten i 1751 mellom Norge og Sverige vart den såkalla Lappekodisillen vedtatt. Det er ein gjensidig traktat mellom to riker, som garanterte samane sine rettar som dei hadde frå tidlegare. Det vart fastslått at reindriftssamane i kraft av gamal sedvane framleis kunne bruke sine gamle beiteområde og flytteruter på tvers av grensene. Men Lappekodisillen kunne ikkje hindre den norske koloniseringa som kom i Bardu og Målselv.

Samane som møtte nybyggjarane var altså samar frå svensk side.  Oppfatninga om at samane brukte dalane berre til transitt, slik det vart framstilt frå fogd Jens Holmboe som var pådrivar for koloniseringa av Bardu og Målselv, stemmer altså ikkje. Det var snakk om lengre opphald på faste leirplassar, og reinflokkane beita også i skog og mark undervegs. Områda i Bardu og Målselv var brukt til sommarbeite for samane for det som i dag er Talma og Saarivouma samebyar på svensk side. Samane hadde også ein leirplass i inst i Skoelvdalen så seint som då far min var ung. Dette tok slutt i mellomkrigstida.

Så – om ein likar det ikkje – det er nok samane som har den lengste historia i desse bygdene. Før dølainnvandringa på 1700-talet var Bardu og Målselv eit av dei gamle kjerneområda for samane. Dette er utdjupa i den interessante artikkelen «Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940» som ligg ute på Målselv historielag si nettside og som var publisert i lokalavisa «Nye Troms» 23. juni 1988, skrive av Karl Magnor Olsaker (1944-1996). I denne artikkelen tar forfattaren for seg samisk busetting i Bardu og Målselv før 1500, skattelegging av samane før 1700, sjøsamisk bruk av Bardu og Målselv, utviklinga av reinnomadismen på 1600-talet, Schnitlers eksaminasjonar i forbindelse med grensetraktaten i 1751, Lappekodicillen av 1751, reindriftsnæring i Nord-Sverige og Indre Troms 1750-1870, 1800-tallet – konflikter bumann  – same, reindriftsnæringa på slutten av 1800-tallet og den samiske bruken i mellomkrigstida og krigsårene 1940-1945.

Det lyt nemnast at det på 1700-talet var sterk utflytting av svenske samar, som på grunn av uår og reinpest måtte oppgi reindrifta. Desse «markefinnene» slo seg ned i bygdene, men i utkantstrøk som var mindre eigna for jordbruk, t.d. i enkelte strøk ovanfor Målsnes i Målselv.

Fleire reguleringar gjennom tidene har påverka samane sine livsvilkår og status. I 1852 vart den russiske grensa stengt for norske samar på veg til vinterbeite i Finland. I 1889 vart den finske grensen stengt for svenske samar på veg til vinterbeite i Finland. Og i 1919 mista svenske Karesuandosamar store sommerbeite i Troms. Dette førte til at halve befolkninga som dreiv med reindrift i Karesuando vart tvangsflytta til område lenger sør. Utviklinga av grensekryssande reindrift er bl.a. behandla av Nils Johan Päiviö i ei av delutgreiingane for Samerettsutvalget i NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms .

Det fører for langt å gå inn på alle desse tema her. Meir aktuelt stoff er å finne om samerett i Store Norske Leksikon og på regjeringa.no  om fortolkingar av reindriftsloven og sameloven.

Men no skal eg sjå litt nærare på forholdet mellom samar og dølar.

Dølane kjem

Bakmennene for koloniseringa av Bardu og Målselv var fogden Jens Holmboe og skoginspektør Nicolai H. Ramm, som såg store moglegheiter for nydyrking og skogsdrift i dei fruktbare dalføra. Bønder sørfrå var best eigna til dette, meinte dei. Det hadde lita tiltru til kystfolket i så måte. I tid fell dette saman med tronge tider i dalføra sørpå, og naturkatastrofen «Storofsen» var óg ein faktor som påskynda flyttinga mot nord.

Sjølv nedstammar eg på farssida direkte frå dei første familiane som kom frå Tynset og busette seg i Bardu i 1791. På morssida er eg etterkommar av innflyttarar til Målselv frå Helgeland, Oppdal og Gudbrandsdalen. Vi kan vel knapt førestille oss kva for eit strevsamt og hardt liv det var for nybyggjarfamiliane. Det heroiske med dette er då heller ikkje blitt underslått i bygdebøker og annan litteratur.

Etter den første innvandringsperioden var det opphald heilt til ei ny innvandringsbølgje kom i 1820-åra og utetter. Seinare vart Amerika målet for dei som søkte seg til andre livsvilkår.

For samane førte innvandringa med seg store endringar. Dei opplevde at nybyggjarane la beslag på område som dei hadde hatt som kvileplassar og rydningar i skogen der reinen kunne beite. Oftast gjekk det fredeleg for seg, men det oppsto også samanstøyt, nokre av dei med alvorleg utfall. Det mest dramatiske var då ein same på Bones i Salangsdalen i Bardu i 1838 vart slått ihjel av bonden og drengen. Rydningsmannen hadde busett seg like i nærleiken av ein fast sommarbuplass for samane. Bonden slapp straff, men drengen vart straffedømt.

I takt med at det vart rydda fleire gardsbruk, vart også utmarka meir intensivt nytta til beite og seterdrift, noko som innskrenka dei areala som tidlegare hadde vore tilgjengelege for reineigarane.

Møtet mellom samar og døler er belyst i ein masteroppgave som i lys av «dølakulturen» i Indre Troms også ser på forholdet mellom innflyttarar/fastbuande og samane. (Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991). Eg tar med eit sitat frå oppgåva:

«…For dølenes vedkommende er bevisstheten omkring historie, slekt og avstamning en viktig del av deres selvoppfatning og virkelighetsforståelse, både slik den overleveres muntlig gjennom en aktiv fortellertradisjon og slik den skriftlig framstilles i bygdebøker, årbøker o.l. Fortid, forfedrene og dølenes totale bosetningshistorie i dette nye området har betydning som referanseramme både for å dokumentere kulturbakgrunn og tradisjoner og for å legitimere sin territorielle og gruppespesifikke berettigelse. Fortida er en måte å relatere seg til nåtida, og folk tenker og handler med referanse til denne fortida. Historie er også myte eller symbolske framstillinger slik de overleveres fra generasjon til generasjon. Folk er med andre ord aktive medskapere av sin egen historie ved at de tolker, refortolker og dyrker eller reifiserer sin historie. Dette gir igjen grunnlag for definisjon av hvem man er både som individ og gruppemedlem og er med å bekrefte og forsterke ønsket tilhørighet og identitet.»

Dett er noko som jo kan gjerast gjeldande for døler såvel som samar.

Så kva med dagens situasjon? Så seint som i 2007 var  Reinstriden i Troms ei tema på NRK. I dei seinare åra har det vore konflikter grunna svensksamar si ulovlege hyttebygging ved Altevatn.  Fylkesmannen har gitt Bardu kommune medhold i pålegget om riving, men på svensk side ser dei annleis på det, og viser til Lappekodisillen og ein høgsterettsdom frå 1968, då samane fekk erstatning for tap i samband med reguleringa av Altevatn. Dette er ikkje heilt enkelt.

Tilhøvet til storsamfunnet

Samane sin status og tilhøvet mellom bumann og same er óg farga av tidsånd og nasjonale forhold.

I motsetnad til samane hadde bureisarane nasjonalstaten i ryggen. Det var sterke nasjonale strømningar i Norge på denne tida. Den nomadiske tilpassinga passa dårleg inn i dette biletet, der idealsamfunnet besto av fastbuande bønder. Jordbruket vart sett på som meir inntektsbringande og dermed til gagn for landet. I 1861 sto det skrive i Tromsø Stiftstidende (gjengitt i Olsaker sin artikkel):

«Det er i Statens Interesse at fremme Bureisningen. Selv om dette skulde skje gjennom den Sterkeres Ret til at træde en ældre, men halvvild og nomadiserende Stamme tilside, saa vilde Staten i Sandhed kun slet røgte sit eget Tarv og Civilizationens Bud ved at lade sig afholde herfra af en – nøiere besett – falsk Rætferdighetsfølelse».

Ja, slikt kunne ein få seg til å skrive i dei dagar.

Samane vart i åra som kom også skulda for å ha flytta skoggrensa. Skogforvaltar Ivar Ruden fekk i 1909 i oppdrag av skogdirektøren å kartlegge eventuelle skadar på skogane i Troms som kunne tilskrivast dei svenske reindriftssamane som oppheldt seg i fylket i sommersesongen kvart år. Basert på inntrykk frå befaringar, notat og fotografi skreiv Ruden rapporten «Fremstilling av en del av den skade som de svenske flytlapper og ren har voldt på skogen i Tromsø amt» (1911).

DSS.0337.jpg
Frå rapporten «Den svenske Rentrafiks Skade paa Skogen. Lappeleir i Liveltskaret, Bardu.»      Foto: Ivar Ruden, Norsk skogbruksmuseum.

Biletet over viser ein samisk leirplass i Liveltskaret i Bardu kommune i Troms. Vi ser ei ung kvinne i samisk drakt som sit på bakken med eit arbeid mellom hendene. Ein mann med dressjakke på overkroppen og lue med blank skygge på hovudet (muligens skogbetjent Olav Foshaug [1869-1937] frå Bardu) sit ved sida av. Bak ser vi eit samisk «stabbur» – eit stativ lagd av bjørkerajer. På dette lagra samane verdiar som skulle haldast unna dei firbeinte.

Ruden var også opptatt av bruken av stadleg bjørkevirke i den samiske byggeskikken. I sin enklaste form besto dei samiske stabbura av tre kvista bjørkerajer, oppsett slik at dei møttes i toppen, men i dei fleste tilfelle gjekk det med 20-40 bjørkestammar. I rapporten publisert i 1911 er han ikkje nådig i si vurdering av skadeomfanget:

«Liveltskaret har været og er et av flytlappernes faste tilholdssteder. De har ned gjennem tiderne med sine gjærder og liggepladser fulgt efter skogen og trykket skoggrænsen ned i hele dalens bredde ca. 3 km. De saaledes avsnauede strækninger er opfyldt av gamle gjærdetomter og ildsteder, der betegner liggepladserne. Vinden feier nu uhindret fra høifjeldet nedigjennem skaret. Gjenvekst forekommer ikke og kunde vel heller ikke – saa ubeskyttet, som marken nu er – leve, selv om spirer til ny skog kom i jorden. Avsnauet areal i denne trakt er ca. 300 ha.»

I samband med 200-årsjubileet i 1988 vart det laga eit fjernsynsprogram om «Nybyggere i sameland» som også tar opp konfliktene med samane som hadde brukt området i fleire hundre år. (Programmet kan lastast ned, sjå lenke nederst).

Bård A. Berg ved UiT Norges arktiske universitet har i sin doktorgrad i historie om utviklinga av den samiske reindrifta i Norge i det 20. århundre (1999) fokusert på tilhøva i Midt- og Sør-Troms. Han peiker på at konfliktnivået mellom reineigarar og jordbrukarar auka i takt med nyrydninga i indre Troms og at dette var bakgrunnen til at det seinare (1883) vart innført ei reindriftlovgiving for heile Norge sør for Finnmark som var heilt på jordbruket sine premiss.

I den seinare tid har også professor Ivar Bjørklund ved UiT Norges arktiske universitet gått hardt ut mot norske myndigheiter og hevda at fornorskinga i dag har eit vel så sterkt nedslag gjennom ulike næringspolitiske tiltak.

FBib.01005-076.jpg
Fra Bardudalen. Foto: Schrøder, håndkolorert. Norsk Folkemuseum si biletsamling.

Biletet over er frå Norsk folkemuseum si biletsamling. Biletet er omtalt slik:

Portrett av samisk mann og liten pike. Sommerlandskap med Bardudalen i bakgrunnen. I bakgrunnen sees taket på flere hus og til høyre i bildet kan man se en bro. Den samiske mannen er kledd i kofte og samisk lue, med belte i livet. Piken er kledd i kjole. De står på en eng. På 1930-tallet beitet svenske reindriftssamer i Stordalen i Bardu. Stordalen var da «sommerbeite for svenskelapper» og reinsdyrene vandret frem og tilbake over grensen til Sverige. Den store dusken i lua minner om svenske sameluer. Saarivuoma sameby har etter 2005 igjen tatt i bruk beiteområdene i Norge. Muligens er dette en svensk nomade på vårflytting i Norge.

Dei lure lappane

Alle Bardudøler over ein viss alder har bind I og II av Bardu Bygdebok ståande i bokhylla. Forfattar er Eystein Eggen frå Vingelen i Tolga.

Eg har studert bygdeboka nokså flittig opp gjennom åra. Boka osar av beundring for dei staute og strevsomme nybyggjarane av god ætt frå Østerdalen. Samtidig er omtalen av samane – «lappane» – med vår tids auge nedsettande, ja beint fram rasistisk. Her er eit eksempel, der forfattaren bl.a. skildrar samane sin utsjånad og framferd:

..»Små som de er, virker det nesten komisk å se dem duve fram i regnet og solsteiken med en prangende hodepynt av knallrøde garndusker. Denne buketten henger som overmodne rognebær fram over luebremmen, men lappene er sikkert stolte av stasen, og denne litt makabre sans for sterke farger er ikke undergitt motegalskapen. Den er for dem et nasjonalt symbol. Nede i bygda bruker de å slå seg ned i en bjørkelund og lager en leir av småtelt. Gløgge i oppfatninga og med et smålurt, humoristisk syn på livet omkring seg, farter de omrkring og byr fram huder, skinn, skaller og små souvenirs av horn og bein som de alltid forstår å verdsette etter tidas priser. I så måte synes de å ha fått litt av jødenes klare forretningsinstinkt. Ofte kan de vise et mindre fornøyd uttrykk når handelen går tregt, men ellers har de en godslig og smilende framtreden. De som forstår å omgås lappene, vil alltid vinne seg vennskap og tillit hos dem…»

Og møtet mellom flyttlapper og bønder er skildra slik:

«Med sitt gløgge syn og sin rappe evne til å oppfatte det som skjer, kan lappen vise en skarp intelligens, og her forsto han straks at disse nye bumennene hadde en kraftig og uforferdet karakter som gikk fram på tross mot villmarka og rovdyrene. Mistru og brødnid finnes hos alle folkeslag, og hos nomaden ligger disse to egenskapene på lur ferdig til å bryte ut mot alt som viser overlegne tendenser.»

Dette er dryge ting som naturlegvis ikkje ville kunne passere i dag. Men kven på min alder hugsar ikkje meir eller mindre nedsettande kommentarar frå bygdefolket om lappane? Samane i dag har heldigvis fått endra status, det er kome lovar og institusjonar som skal sikre likeverd og respekt. Verda går tross alt framover. Og snart kjem det ny bygdebok som heilt sikkert har kvitta seg med slike haldningar.

Alle er produkt av arv og miljø. Når det gjeld forfattaren Eystein Eggen d.e. høyrde han til ein familie med sterke NS-sympatiar før og under krigen. Barnebarnet hans, Eystein Eggen d.y. skreiv boka «Gutten fra Gimle» (1993) om oppveksten med NS-foreldre i det som hadde vore Vidkun Quisling sin residens «Gimle». Han hausta sterke reaksjonar frå familien, og i essayet «Familiefortrengninger, eller et NS-barns lange vei hjem» (2000)  går han i rette med dei ulike familiemedlemmene, også farfaren. Her kjem han mellom anna inn på bygdeboka:

«….Av og til utmyntes musikken i ord, som hos farfar. Han trakk seg tilbake til sitt Akropolis av tømmer, glodde opp på årstallene1697 – 1943 i mønsåsen og skrev sagaen om da de blonde østerdøler koloniserte Bardu i Troms, et verk som fremdeles inntar en ledende plass blant våre mer rasistiske bygdebøker….»

For meg har det stor verdi å ha tilknyting til, og ikkje minst å kunne vandre i eit landskap som har ei mykje meir mangfaldig og rik historie enn det eg var klar over då eg vaks opp.  Så dermed avsluttar eg med å seie: gratulerer med dagen – Lihku beivviin – den 6. februar!

Lenker

Nybyggere i sameland (NRK 1988)

Samene – finnes de egentlig? Nordnorsk debatt (Ivar Bjørklund, 24. april 2017)

Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms (Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991)

Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940 (Karl Magnor Olsaker, artikkel i Nye Troms 23. juni 1988).

Samene og 1814, Artikkel av Bård A. Berg i tidskriftet Gnist nr 4/2014

Visit Bardu: Samer – innflytting av bønder – forsvar

Fagrapport om kulturminne i Konsekvensutredning Arealplan 01/2006 Sørdalen-Isdalen nasjonalpark Deltema kulturhistorie Alma Thuestad NIKU

NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget, Avgitt til Justis- og politidepartementet 3. desember 2007.

Mennesker og steder i et nord-norsk landskap En studie av landskapsforståelse og landskapsbruk fra jernalderen til nyere tid. Jon Gunnar Blom, Mastergradsoppgave i arkeologi, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for Arkeologi og Sosialantropologi, Universitetet i Tromsø våren 2012

 

 

 

2 tankar på “Dølar i sameland

Kommenter innlegget