Heime og borte, før og no, oss og dei andre

Eg er oppvaksen med utsikt til Istindan, ikon og identitetsmarkør nummer ein for Bardu og Målselv. Eg var overtydd om at det var rettsida av Istind eg såg. Etter kvart oppdaga eg jo at Istindan såg annleis ut frå andre stader og at «mi» side ikkje var den einaste rette. Det same gjaldt andre fjell. Frå Malangen vart Mårtind bakvendt, og Vassbruna og Mauken skifta utsjånad etter som ein flytta seg i dalen. Slik er det med det meste. Endrar vi synsvinklar og er opne for andres syn utvidar vi perspektivet og blir i stand til å sjå heilskapen. Som diktaren Olav H. Hauge skreiv: «Fjell lyt du yver skal du koma lenger».

IMG_3009.JPG
Istind i mørketidslys

«Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei høyrer til» skreiv namnebroren Olav Duun. Vi som bur ved foten av fjella er flyttbare, men også stadbundne. Sjølv den internasjonalt orienterte Olav H. Hauge levde heile sitt liv som fruktbonde i Ulvik i Hardanger.
For ein mannsaldar sidan reiste eg frå Bardu til Bergen. Spranget er stort frå innlandskommunen i nord til vestlandskysten og bylivet i Bergen. Etter åra i Hansabyen kan eg nok kalle meg bergensar om eg vil. Eg er like kry som dei innfødde over den vakre og eksentriske byen mellom dei sju fjell. På nasjonaldagen – der feiringa skil seg vesentleg frå andre stader i kongeriket – speidar eg alltid etter Målselv/Bardubunaden. Er eg heldig ser eg 2-3 stykker. Også i Bergen er nasjonaldagen ei mønstring av det beste i sivilsamfunnet. Forskjellar til tross – det er meir som samlar enn som skil. Og med hjartet på rette staden har ein hjarte både for andre stader og andre folk.

Mykje har endra seg i bygd og by på desse åra. Sjølv om Bergen er min by, er det dalføra her nord som er landskapet mitt. Synet av buktande elver, furumoar, åsar og smekre tindar i synsranda gir ro i sjela. Men eg saknar synet av sommarfjøset som eg veit ligg oppe i skogbrynet. Bakken der eg øva meg på ski er tilgrodd. Jorda som generasjonane før oss dyrka opp ligg brakk mange stader, og hus og fjøs står tomme. Gran planta i beste meining på 50- og 60-talet er i ferd med å utkonkurrere lyskrevjande artar i bjørkelia. På innmarka blomstrar geiterams og mjødurt. Vakre plantar, men teikn på kulturlandskap i forfall. Dette er ikkje særskilt for bygdene her nord, og har årsaker som eg ikkje skal gå inn på. Men kunne dyrkingsjorda utnyttast på anna vis? I mange byar er det rift om parsellar der ein kan dyrke llitt sjølv. Dei som kunne tenke seg litt matauk kunne kanskje fått leige seg ein jordlapp?

Mens skogen veks seg tjukk tynnast det ut med folk. Langs vegen, som før var både møte- og leikeplass, er lite folk å sjå. Beina og sykkelen var framkomstmiddel før bilen vart allemannseige og tungtransporten tok over. Folk som ferdast på vegen i dag er ute på treningstur eller luftar bikkja. Før lufta hundane seg sjølv eller vokta gard og grunn. Om hausten fekk dei vere med på elgjakta, framleis ei særs viktig hending. Vilt med molte til dessert er festmat landet over. I nord er vi privilegerte i så måte. I sør er ein lukkeleg over å ha til moltekremen julaften. Jula er elles ei tid då mattradisjonar vert tatt vare på. Men dei er ikkje statiske. Pinnekjøt er eit vestlandsprodukt som er blitt standard julemiddag også i nord. Folk flest er heller ikkje redde for utanlandsk påverknad i matvegen. I bygdene landet over har driftige damer frå Thailand bidratt til dette. Personleg skulle eg ønskje det sto meir god tradisjonsmat på menyen. Det kan bli for mykje pizza.

IMG_4832
Førjulsstemning og julemarked i Bergen by

No er det er vinter og mørketid. I Bergen saknar eg snøen og mørketidslyset. Var eg i nord ville eg gått ut og filosofert litt under stjernehimmelen. I møte med det store er det mykje som blir smått. Og sjølv om månen og Karlsvogna står på snei på andre breiddegrader, er det dei same himmellegema som blir sett av milliardar andre på kloden. Folk er folk alle stader, med ønskjer om fred og eit godt liv for seg og sine. Skjenk ein tanke til alle som ikkje er på vår «rettside» når vi no går inn i julehelga. Så står det berre att å ønskje alle ei velsigna god og fredfylt julehelg!

(Dette innlegget står på trykk i juleheftet «Jul i Bardu og Målselvdalen 2017)

2 tankar på “Heime og borte, før og no, oss og dei andre

  1. Tusen takk for fine ord, Liv! En gang i tiden var vi nærmeste naboer – men vi er fremdeles søskenbarn. Jeg flyttet ikke så langt fra hjemplassen som du gjorde. Et par times biltur (knapt det) så er Istinden og Barduelva i synsfeltet. Vi er ofte i «gammelstua» om sommeren. Det er rart med den hjemplassen! Ønsker deg og dine en riktig GOD JUL! Hilsen Karin med fam.

    Likar

Kommenter innlegget