Eg har i løpet av året skrive mykje om aktivitetar i nord. Det vart ei veke i nord også seinhaustes, men på sørlegare breiddegrader. Vi heiv oss på ein sydentur til Kanariøyene. Det gjeld å ruste seg mot bergensvinteren og kompensere for det som har mangla av godvêr sist sommar. Vi er ikkje åleine om det. Når haustferien for skulane er overstått er det pensjonistane som fyller opp flya til varmare strøk.

På Tenerife, denne største og på mange vis mest imponerande og varierte øya i las Canarias har vi vore før. Vi har stor sans for unike Lanzarote, og det er heller ikkje noko i vegen med Gran Canaria. Men Tenerife har alt det dei andre øyene har og meir til. Og for ein pensjonert geograf er øya eit eldorado. Her kan ein studere alle tenkelege aspekt ved dette faget. Dessverre let ikkje dette seg gjere i løpet av ei veke, men stimulerande er det. Berre tenk på alt det varierte ein kan observere langs gradienten frå toppen av Teide (3718 moh) ned til havnivå, gjennom fleire vegetasjons- og klimasoner.
Denne gongen var likevel ikkje solhungeren så stor at vi valgte den meir solsikre sørsida. Det vart den grøne nordsida, som er langt meir interessant. Vi tok sjansen til tross for blanda erfaring med vêret. På tur ein tidlegare tur i februar fekk vi bruk både for ulltrøye og stillongs. For sikkerheits skuld pakka vi kofferten både med ulltøy og regntøy. Det kunne vi spart oss. Temperaturen låg på 25-30 grader og Atlanteren hadde behageleg temperatur. Riktignok med raudt flagg på badestrendene. Det er røffe brenningar på kyststripa i nord. Og det var klårvêr heilt frå hav til fjell. Det vanlege skoddebeltet var vekke.

Nordsida av Tenerife med hamnebyen Puerto de la Cruz var viktigaste feriemål før sørsida overtok på 60-talet. Los Cristianos og Las Americas i sørvest er solsikre stader for solhungrige frå nord. Til tross for mange ruvande storhotell også i Puerto de la Cruz verkar delar av byen relativt autentisk. Maquinez-gata i vestre bydel er for eksempel ein triveleg stad for lunsj.
Valle de la Orotava
I den breie og fruktbare Orotavadalen ligg plantasjane, åkrane og landsbyane tett i tett, med den historiske La Orotava som viktigaste by. Puerto de la Cruz var opphavleg etablert som hamneby for la Orotava. Dessverre har vi ikkje gitt oss tid til å utforske denne byen enno. 
Den folkerike dalen strekkjer seg frå havnivå opp i 2000 moh ved foten av Teide. Området er Tenerifes spiskammers frå gamalt av på grunn av god tilgang på vatn. Før dei spanske erobrarane gjorde sitt inntog på øyene på 1400-talet var området bebudd av guanchar som kalla området Taoro. Tenerife var den siste øya som vart erobra, i 1496. Men i første omgang leid spanjolane eit blodig nederlag nettopp i Orotavadalen, på ein stad som høveleg nok har fått namnet Matanza. Velståande settlarar kom etter kvart og etablerte seg med plantasjar, og det vaks fram eit aristokrati.
Den kjente oppdagaren og geografen Alexander von Humboldt besøkte Tenerife i 1799 og var full av begeistring for området. Han har fått ein statue i Orotavadalen, på Mirador Humboldt som vart opna i 2010. (foto: Tenerife Magazine).
Toscal-Longuera
Vi valgte denne gongen å slå oss ned fire kilometer vest for Puerto de la Cruz, i Toscal-Longuera. Dette er to samanhengande småbyar nær sjøen, i det som også blir kalla La Romantica, rett nedanfor Los Realejos som er tredje største byen i Orotavadalen. Her er det rolegare og turistane få, men vi får alt vi treng. Til tross for at det er lokalbefolkninga som dominerar og ikkje turistane, ligg barane tett i byens to gater. Dette illustrerer vel noko av kulturforskjellen mellom våre to land. Her samlast folk om kvelden – helst mannfolk litt opp i åra, men også foreldre med småungar tar seg gjerne ein tur innom. Praten går så høglytt av vi som er vant med lågare volum blir litt svett i øyro.
Dessverre er også trafikken tett. Det er mange personbilar og tronge, bratte og einvegskøyrte gater. Tilhøva for fotgjengarane er jamnt over dårlege. Sykle er det ingen som gjer – andre enn dei som utøver sporten og klatrar over fjellovergangane.

Som turistar var det ei interessant oppleving å vere i mindretal. Ingen innkastar utanfor serveringsstadene, inga smisking, ingen som kappa om å kapra oss som kundar. Det var avslappande. Vi fekk så pass lite merksemd at det nesten bikka andre vegen. Kanskje dei klarar seg bra med det lokale kundegrunnlaget? Det verka heller ikkje som om folka her var særleg trente i å kommunisere anna enn på spansk.
El Pino, den næraste restauranten, kunne by på enkel og solid kost og var tydelegvis populær blant lokalbefolkninga. Her fekk vi servert enorme porsjonar av spesialiteten conejo frito (steikt kanin). Vi skvatt litt då dei stakk lighteren bort i ei pølse som brant friskt inntil den var oppløyst og klar til å dyppe brødet i. Potetar utan dikkedarar, ikkje ein gong med sausen mojo som tilbehør, noko vi trudde var obligatorisk på Kanariøyane. Hos Pedro lenger nede i gata fekk vi eit par dagar seinare kyllingporsjonar som til og med overgjekk kaninporsjonane.

Vi spanderer eit bilete og litt omtale av Hotel Route Active der vi budde. Frå vår leilegheit hadde vi ikkje sjøutsikt, derimot utsikt oppover mot byen Los Realejos. Midt på biletet ser vi utsiktspunktet El Asomadero, der vi hadde eit stopp på skogsturen. Hotellet ligg i utkanten av Toscal-Longera og er eit veleigna utgangspunkt for vandring på kyststien Rambla Castro. Der er også eit vel utstyrt trimrom, om ein skulle føretrekkje innandørs trim. Det er det forsåvidt ingen grunn til i desse omgjevnadene. Frukostbuffeten var inkludert – og førsteklasses.
Hotellet hadde i hovudsak ganske stillfarande skandinaviske og nordeuropeiske gjestar. Innreiinga var også tilpassa dette segmentet, nyoppussa med IKEA-møblar og moderne design. Same taklampe som på hytta vår, stolar som på kjøkenet heime!

Rambla Castro
Rett ned for hotellet ligg kyststien Rambla Castro. Vi tok den i to omgangar: mot vest ein dag og aust til Puerto de la Cruz ein annan. På veg vest passerer vi på bruer over eit par raviner og går elles på god sti. Vi kan sjå ned på ruinane av La Gordejuela, som vart bygd på byrjinga av 1900-talet for å pumpe ferskvatn opp i høgda ved hjelp av den første dampmaskina på Tenerife.


Vi forlenga turen ned til stranda El Socorro, ei populær surfestrand med tøffe bølgjer og brenningar. Men stranda er for alle, og held ein seg nær land går det bra. Dei som vågar seg for langt ut blir varsla med fløyta frå vakta.

Når ein går stien i austleg retning passerer ein Los Roques og ender ved hotell Maritim, deretter kan ein spasere resten av vegen inn til Puerto de la Cruz. På vegen passerer ein bystranda El Jardin. Puerto de la Cruz er elles kjent for Lago Martinez, saltvassbassenga designa av den kjent arkitekten Cesar Manrique som særleg har sett sitt preg på Lanzarote. Dei har vi ikkje testa.


På skogstur
Så kom dagen for skogstur opp i høgdene over Orotavadalen. Etter køyring på halsbrekkande bratt veg kjem vi til startpunktet for turen: Mirador Corona. Dette er staden der hangglidarar kastar seg utfor. Vi legg i veg oppover på skogsveg. I starten passerer vi terrassar der ein held på med siste innhaustinga av mais.

Teide dukkar fram i synsranda før vi vert omslutta av den tette og frodige laurbærskogen, ein subtropisk skog ein finn i strøk med høg fuktigheit og stabil mild temperatur. Dette er ein urgammel skogstype som finst fleire stader på jorda, bl.a. i Macaronesia, som er namnet på øygruppene i Nord-Atlanteren, deriblant Kanariøyene.

Vi kjem til utsiktspunktet Mirador el Asomadero med fabelaktig utsikt over Orotavadalen. Vassleidningar følgjer stien. Etter kvart som vi stig oppover, blir det innslag av bartre. Vi nærmar oss pinjeskogen som er neste vegetasjonssone før snaufjellet. Men så langt kjem vi ikkje. Vi går og går, i håp om å finne ein plass med utsikt der vi kan nyte vår medbrakte niste. Etter å ha nådd opp i 1480 moh utan den etterlengta utsikten, slår vi oss ned i vegkanten, og etter å ha fortært skivene tar vi fatt på nedturen.
Botanisk interessert som eg er, legg eg merke til fleire tre med klasar av små oransje frukter. Eg tok ikkje sjansen på smaksprøve. Etterpå har eg funne ut at det måtte vere Madrono (Arbutus Canariensis), jordbærtre heiter det visst på norsk. Altså spiseleg.

Playa de las Teresitas
Ingen sydentur utan strandliv. På eit tidlegare besøk på Tenerife var vi innom badestranda Las Teresitas eit stykke nordaust for hovudstaden Santa Cruz. Stranda er kunstig og påkosta, med gyllen sand frå Sahara og bølgjebrytar som stenger bølgjene ute. Vi hugsa stranda som innbydande, men no fekk vi lettare sjokk. Her låg nemleg ikkje mindre enn tre boreplattformar i opplag rett utanfor stranda. Fortener framleis stranda å bli kalla Tenerifes vakraste?

Vi har besøkt Santa Cruz før og prioriterer ikkje byen denne gongen. Det er ein moderne og travel by, med bybane som går til La Laguna. Det var forresten her admiral Nelson mista armen i 1797 under slaget i Santa Cruz der Royal Navy gjekk til angrep.
Anaga
Etter nokre timar på stranda var det på tide å tenke på returen. Vi valgte å køyre på TF-12 via fjellryggen på Anaga-halvøya. Frå San Andres like ved Teresitas svingar vegen seg opp til utsiktspunktet El Bailadero. Vegen følgjer ryggen og ein har fantastisk utsikt til begge sider. Forrige gang vi var her var det skodde og ingen utsikt, ikkje uvanleg på desse kantar. Denne gongen var det full klaff.
Anagafjella dekker mykje av den nordaustlege delen av Tenerife. Her er ein langt unna turistområda. Området er tynt befolka og heile området er landskapsvernområde. Første tanken som slår ein når ein skuar ned på landsbyane på nordsida er «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er i det heile tatt slik at Norge nesten bleiknar i samanlikning, ikkje minst når det gjeld vegbygging. Det går elles turstiar på kryss og tvers i området. Vi må komme tilbake hit seinare.

På tilbakevegen passerer vi La Laguna, tidlegare hovudstad, universitetsby og eldste by på øya. Byen er vakker og står på UNESCO si verdsarvliste. Vi har besøkt byen før så vi køyrer forbi. Men før vi kjem så langt har vi på vegen nedover frå fjellet hatt ein liten stopp på Mirador Jardina med flott utsikt vestover, bl.a. over La Laguna.

Teide
Ingen tur til Tenerife utan besøk i Teide nasjonalpark. Den majestetiske vulkanen Teide tronar 3718 meter over havet og er Spanias høgaste fjell. I sprekare dagar gjekk vi opp til fots og tok heisen ned. Vi har óg vore på nabofjellet Guajara, og gått rundturen med utgangspunkt frå den velkjente søyleformasjonen ved Roques de Garcia eit par gonger. Denne gongen ville vi prøve noko nytt og bestemte oss for å starte frå El Portillo, med fjellryggen la Fortaleza som mål. Dette er ei av dei godt merka og mykje brukte rutene i nasjonalparken. Og overkommeleg for dei med skrantande kne. El Portillo er innfallsport til nasjonalparken når ein kjem frå nordaust.

Men til Fortaleza kom vi ikkje. Etter ein kilometer på sti nr. 1 var det stopp. Det viste seg at vi kom i jaktsesongen for steinbukk, som er ein innført og uønska art i parken. Vi kom på ein av dei tre dagane i veka då alle stiane i nasjonalparken er stengde. Vi hadde håp om at vi i staden kunne ta den vanlege vesle turen med start frå Roques de Garcia. Men nei, etter ein kilometer var også den stengt. Då var det ikkje anna å gjere enn å slå seg ned på lavagrunnen med nista. Det er likevel nok å kvile augene på i desse fasinerande vulkanske omgjevnadene.

Tilbake tar vi den vestlege vegen ut av parken. Her kan vi også sjå Pico Viejo som hadde utbrot i 1798. Vi passerer store område med svart lava og etter kvart dukkar det opp spreidd pinjeskog. Vi passerer Santiago el Teide, som er knutepunkt for veg vestover ut til Teno naturpark med velkjente Masca, sørover til Los Gigantes og altså vegen tilbake til nordsida, der vi undervegs finn vindistriktet rundt Icod de los Vinos.

I veka etter at vi forlot Tenerife har det vore fleire mindre jordskjelv og dette har skapt frykt for at det snart kjem nye utbrot frå Teide. Siste utbrot var i 1909, så kanskje tida snart er inne.
Garachico
Den idylliske byen Garachico på nordkysten vart råka av vulkanutbrot i 1906 og det som hadde vore ei viktig hamn vart øydelagt. I dag dannar lavaen naturlege basseng, og her er tilrettelagt slik at ein kan ta seg ein dukkert. I området er det også tilrettelagt med diverse trimapparat for seniorar.


I det grøne og det blå
På denne årstida er det mange vekster som ikkje er i bløming, særleg i Teideområdet og dei meir tørre områda på øya. Vi har vore på den frodige og grøne sida av øya i nord, og her er det ikkje mangel på fargerik og frodig vegetasjon. Det er tilgang på vatn som gjer susen. Bananar er det i lange banar. Skogane er stort sett grøne heile tida. Det vart ikkje tur i pinjeskogen denne gongen. Den kanariske utgåven av fluffy furuskog er flott.

Som geograf på tur er det lett å plage seg sjølv med det klassiske spørsmålet: kvifor slik akkurat her? I løpet av ei ferieveke, utan guide og utan nemneverdig kommunikasjon med lokalbefolkninga er det frykteleg mange spørsmål ein ikkje får svar på. Kva med sysselsetting, næringsutvikling, bustadmarknad, flytting, levekår, miljø, forureining, likestilling? Osv. osv. For mange av oss turistar er slikt heilt i det blå der vi ligg og steiker oss i sola. Det er likevel mykje ein kan finne ut om eit reisemål både før og etter ei reise. Stadene litt utanfor allfarveg er gjerne dei som gir dei beste opplevingane. Men dette er ein balansegang. Til tross for alt det turismen har å seie for økonomien – ønskjer kanskje folk flest å få vere i fred for turistane?
Til slutt legg eg ei lenke til ei britisk nettside om turar til stader litt off the beaten track. Her står også ein del om stadene vi besøkte.
No er det slutt på reisene for ei stund. Eg må i dette som no nærmar seg førjulstid finne anna å skrive om.

Vakre bilder! Det gode liv som pensjonist er forlokkande!
LikarLikt av 1 person
Takk for det! Ingenting å frykte i alle fall!
LikarLikar