Det er på høg tid å avslutte soga om sommaren i nord. Heimvegen sørover fram til Trøndelag gjekk gjennom gruvebyar og glesbygder i nabolandet. Med svenskegrensa som nabo er det eit privilegium å kunne velje om ein vil legge reisa sørover gjennom Norge eller Sverige. Vi har rik erfaring med begge delar. I forhold til den imponerande norske naturen er turen gjennom Nord-Sverige sine endelause skogar sjølvsagt keisam. Men det er enkelt og ferjelaust. I tillegg er det alltid litt pirrande å kome seg over ei grense, interessant å merke dei små forskjellane. Det same gjeld forresten også berre ein krysser fylkesgrensene her til lands.
Før folk i dei nordlegaste fylka fekk det for vane å reise til Syden om sommaren, var det forresten svært populært å reise til Nordens riviera – sandstrendene ved Bottenvika, til Piteå med Pite Havsbad.
I Sverige lokkar grensebutikkane, med litt anna utval enn heime – og gode prisar. Vi handlar ikkje i stort, men når vi er i Sverige passar vi alltid på å hamstre sildeprodukt. Av ein eller annan grunn er svenskane mykje betre til å lage til sursild og andre delikatessar frå denne råvaren. Ut frå naturgjevne tilhøve burde dei ikkje ha noko fortrinn. For oss som i det daglege bur langt frå svenskegrensa, er IKEA eit substitutt. Etter at vi har lagt reirbyggingsfasen bak oss, er sild no det einaste vi kjøper der. Maten på serveringsstadene i Sverige er også eit hakk betre i Sverige, synest vi. Og så er det jo mysig å kunne fika med ein kanelbulle eller to når ein er på vegen.
Gjennom Lappland
For oss startar svenskeetappen denne gongen på Bjørnfjell og endar i Trøndelag. E10 tar av frå E6 nokre mil nord for Narvik. Lappland kalles landskapet i denne delen av Norrland.


Lapplands landskapsvåpen (til venstre) viser av ein eller annan grunn ein Tarzan-liknande figur. (Wikipedia).
Etter ein kort visitt på butikken ved Riksgränsen kjem vi etter kvart til Torneträsk, Skandinavias største fjellinnsjø. Her var vi på padletur med kano for nokre år sidan, overnatta i telt på ein holme og gjekk tur opp i terrenget aust for vatnet.
For mange år sidan gjekk vi hit på ein fjelltur som starta i Sørdalen i Bardu, via Lappjordhytta til Troms Turlag. Vegen er ikkje lang over grensa. Nordkalottleden, den merka 800 km lange turstien gjennom dei nordlegaste delane av Norge, Sverige og Finnland passerer området. Sør for Torneträsk ligg Abisko nasjonalpark. Naturen i denne regionen er nokså lik den vi finn på norsk side. Altevatnet, Norges 13. største innsjø, ligg i Bardu rett over grensa og er såleis nabo til Torneträsk.

Svarta Bjørn, den sagnomsuste anleggskokka for rallarane som bygde Ofotbanen, er gravlagt på Rallarkirkegården i Tornehamn som ligg eit par kilometer unna. Frå E10 har vi kontakt med Ofotbanen, eller Malmbanan, som det heiter i Sverige. Den går mellom Narvik og Luleå ved Bottenviken.
Når eg er i gang med tilbakeblikk på tidlegare turar, er det fristande å sjå tilbake på eit besøk i Luleå sin gamlestad, sjølv om det ligg utanfor ruta for årets reise. Vi har også padla med kajakk i skjærgården utanfor Luleå. Tur i desse traktene kan absolutt anbefalast.

Gruvesamfunn
Men no tilbake til årets reise. Etter ein times køyring frå Torneträsk kjem vi til Kiruna, gruvebyen som ligg mellom fjella Luossavaara og Kirunavaara, med store førekomstar av jernmalm og utvinning sidan slutten av 1800-talet. Bebyggelsen ligg delvis over malmførekomstane. På grunn av fare for utrasing og for å utnytte meir av malmen er det bestemt at byen skal flyttast. Les meir om dette her: Kiruna byforvandling.
Nokre av dei gamle funksjonærbustadene er verneverdige og skal setjast opp ein annan stad. Flyttinga av desse var i gang då vi passerte. Vi har hatt stopp i Kiruna på tidlegare turer og denne gongen blir det berre tissepause på Folkets Hus sentralt i byen.
Området rundt Kiruna er forresten åstad for kriminalromanane til Åsa Larsson med Rebecka Martinsson er hovudperson. Dei er også filmatiserte og er nettopp vist i NRK TV.
Vi køyrer raskt vidare og satsar på første overnatting i Gällivarre. Gruvebyen Malmberget ligg tett attmed. Det er ikkje berre i Kiruna at det er flytting på gang. Ein stor del av Malmberget skal flyttast, på Nya Gällivarre kan det lesast meir om dette. Etter å ha sjekka inn på hotellet leiter vi litt rundt i byen for å finne ein plass å ete ein sein middag. Det er ikkje mykje som skjer her i byen ein søndagskveld. Vi endar opp med ein greskinspirert pizza på ein amerikanskinspirert restaurant der det blir litt språkproblem – eigarane kjem truleg frå Midt-Austen. Bortsett frå stamgjesten som sit i eit hjørne med ølet sitt er vi einaste gjestar. Det er elles ikkje mykje svenskar igjen i tenesteyting knytta til servering og overnatting. Vi meiner også at det har minka litt på tilbodet av god svensk husmannskost i dei seinare åra, dessverre. Ikkje ulikt Norge.

Glesbygdene
Dagen etter er det ut på landevegen igjen. Straumen på vår ladbare hybridbil varer ikkje lenge så det er behov for fleire påfyll av fossilt drivstoff. I motsetnad til i Norge, med sine store og relativt talrike bensinstasjonar må ein leite litt før ein finn fram til pumpene her. Her har dei ein modell med lokal bensinstasjon saman med nærbutikk og servering.
Ut på dagen, etter lang dags køyring i landskap med skog og talrike innsjøar, kjem vi til Norges tapte region Jämtland. Vi skal over Kjølen til Trøndelag, men har bestemt oss for å ikkje legge vegen om Östersund, som ville vore kortaste vegen. Vi tar i staden sikte på grenseovergangen ved Gäddede. Vi må ha ei ny overnatting, og har booka rom på Gamle Skolan, på Gubbhögen eit stykke nord for Strömsund. På ei nettside er Gubbhögen skildra slik: «Invånarantalet ligger vid 39 personer, 10 katter, 13 hundar och ett obestämt antal älgar,björnar, lodjur och andra skogsinvånare».

Det viser seg at Gamle Skolan vert drive av eit tysk ektepar, som braut opp frå storbyen Köln for å finne ro i utkanten. Dei fekk kjøpe bygget av kommunen for 500 kr og har pussa opp på eiga hand, med interessant resultat. Eigaren er elektrikar, noko som forklarte dei påfallande avanserte elektriske løysingane. Her er nytta hunved og det verkar som at det har vore god tilgang på ulike tapetmønster. Staden liknar ikkje på noko anna vi har sett. Verksemda gir ikkje noko levebrød på årsbasis, men dei tar sikte på å bli buande. Sonen deira er villmarksfreak og nektar å dra tilbake til storbylivet. Innehavaren (hugsar ikkje namnet) meinte forøvrig at det vert gjort for lite for å tiltrekke seg og legge til rette for turistar i området. Men i turistbrosjyren for Jämtland og Härjedalen er det likevel vist til eit rikhaldig tilbod, basert på natur, friluftsliv, jakt og fiske.
Er det forresten nokon som hugsar Dunderklumpen frå 1970-åra? Han held til i desse traktene.
Over grensa
Vi har køyrt gjennom landskap med mykje skog og lite folk. Det er stor skilnad på å køyre Nord-Sverige og Nord-Norge. I Sverige har avfolking og sentralisering sett mykje meir preg på distrikta enn i Norge. Avfolkinga var særleg effektiv i 1950- og 60 åra, då industrien i sør kravde arbeidskraft. Det var gitt rause flyttebidrag. Sverige er eit av verdas mest urbaniserte samfunn, med 87 prosent av befolkninga busett i byar eller tettstader.
Så kryssar vi grensa til gamlelandet. Kontrasten er slåande når ein kjem frå svenske glesbygder og inn til levande bygder på norsk side. «Svenske tilstander» kan vere så mangt. I SVT var det i 2016 eit innslag med tittelen «Svensk glesbygd dör – medan norsk blomstrar» Mange i Norge vil nok synes dette er skjønnmaling av situasjonen i norske utkantar, og at det no ikkje går rette vegen. Spora frå Sverige burde skremme.
Resten av reisa til Bergen gjekk på norsk territorium, med hyggeleg besøk hos familie i Trondheim, overnatting i Oppdal, og køyretur over Valdresflya som prikken over i-en.

Og snipp snapp snute, då var sommaren ute. No tar vi fatt på hausten og så får vi sjå kva som blir neste tema.
