Eg har for første gong vore på Hidra. Ikkje Hitra i Sør-Trøndelag og heller ikkje Hydra, den greske øya som i si tid var tilhaldsstad for kunstnarar som forfattaren Axel Jensen og for ikkje å gløyme Leonard Cohen, saman med si norske venninne Marianne (..»so long Marianne..»)
Wikipedia åtvarar mot å forveksle Hitra og Hidra. Men namnet på dei to øyene har same opphav, det kjem frå gammalnorsk Hitr eller Hitrar der tydinga er «splitta» frå fastlandet.

Men no altså Hidra, som er ei øy i Flekkefjord kommune i Vest-Agder med 700 innbyggjarar. Eg må innrømme at denne øya aldri var i mine tankar før det kom invitasjon til eit bryllup som skulle finne stad nettopp på Hidra laurdag 1. juli. Akkurat denne delen av landet har – for meg – vore ein gøymt og gløymt del av kongeriket. Kysten Jæren – Lista er vel noko av det mest eksotiske ein Bardudøl kan tenke seg. Og dalstroka innafor liknar heller ikkje mykje på dei breie og frodige dalane i Indre Troms. Men frodig er det også her på Sørlandet, med tett edellauvskog mellom bergknausane.

Kvifor er no Hidra interessant å samanlikne med Bardu? Det har seg slik at min svigerfamilie er blitt tungt inngifta i ein familie med band til Hidra. Same familie har òg band til Bardu. Når eg seier at familien heiter Reistad, er det sikkert bjøller som ringer hos dei som høyrde til Bardu kyrkjelyd i åra 1955-1964. Nils Jørgen Reistad var første sokneprest i Bardu etter at Bardu i 1955 vart eige prestegjeld. Eg sto til konfirmasjon i 1963 og vart konfirmert av Reistad. Og han kom altså frå Hidra. For ordens skuld – prestefamilien har ingenting med skirennet Reistadrennet i Bardu/Målselv å gjere. Oberst, flygar og idrettsmann Ole Reistad som gav namn til dette rennet kom frå Oslo.
Ungeflokken på fire tilbrakte altså mange oppvekstår på Setermoen i Bardu, så også sonen Georg Reistad, far til brura. Georg er også prest (no pensjonert), og sto for vigselen. Svigersonen er nevøen til min sambuar. Det lyt nemnast at søstera til nevøen er gift med broren til brura. Her deler ein altså praktisk nok på svigerforeldra. Dette betyr også at eg tidlegare har møtt Georg og dei tre søstrene hans i bryllup. Vi snakka også då om deira tid i Bardu.

Bryllupsdagen var velsigna med strålande vêr. Eg tippar det i forvegen var sendt nokre bøner om godvêr. Nydeleg brur og stilig brudgom, dei kom attpåtil romantisk roande i båt til restauranten Isbua, der festen fann stad om kvelden.

Sundagen kom med regn. Då drog vi vidare inn til fastlandet, men først ein tur innom Reistad nordaust på Hidra, der Reistadfamilien no har fritidsbustad i huset der Nils Reistad tilbrakte sine pensjonistår. Han døydde i 1994. På nabotomta ligg garden der faren Nils Reistad vaks opp.
Vi vart budne inn på kaffe og restar frå kakebordet dagen før, og hadde ei triveleg stund der vi snakka om Bardu, felles kjente og mykje anna. Det er ikkje vanskeleg å høyre at Georg bryt på Bardudialekten.

Det er mange nydelege kvitmåla og velstelte sørlandshus på Hidra. Men dei verka påfallande ubebudde. Seinare på sommaren blir dei vel fylt opp – det er nok her som så mange andre stader at husa der folk tidlegare budde er gått over til å bli feriebustader.
Vi er elles på historisk, for ikkje å seie førhistorisk grunn. Hidra har hatt busetting sidan steinalderen og det er mange funn derfrå og framover som viser kontakt med utlandet. Dei eldste funna er datert til rundt 9500 år før vår tid. Det er gjort rike funn fra vikingtida. På Reistad er det funne ein runestein – Reistadsteinen som har denne innskrifta: «Yðingr ek Vakr nam reit» som tyder: Yding. Jeg, Vakr, har tatt jorden i besittelse). Landnåm var det også innanlands på denne tida, ikkje berre på Island og dei andre øyene i vest.

Eg nemnte innleiingsvis forskjellen mellom Hidra og Bardudalen. Geografisk er det ein annan verden. Men kanskje er det ein fellesnemnar når det gjeld det, skal vi seie åndelege. Sørvestlandet og dalstroka innafor er rekna for å vere strengt pietistiske. Arne Garborg kalte det i ei artikkelsamling for Det mørke fastland. Dei som kom sørfrå og busette seg i Indre Troms på slutten av 1700-talet og ut på 1800-talet var også stort sett av det gudfryktige slaget, påverka av Hans Nielsen Hauge.
Då må eg nesten også ta med eit bilete av Bardukyrkja, der altså Nils Reistad var sokneprest. Kyrkja er bygd etter modell av Tynset kyrkje. Dei fleste nybyggjarane som kom til Bardu på 1800-talet kom frå Tynset.

Etter Hidra gjekk turen over Listalandet, med eit forblåst besøk på Lista fyr, deretter til Mandal der vi tilbrakte eit par dagar. Ikkje særleg imponerande sommartemperatur, men det vart eit raskt dypp i kjøleg sjø på Sjøsanden, berre for å kunne seie at eg har bada i år. Det er ikkje sikkert det blir fleire høve. Dette vart sommarens Sydentur. Norge – med sitt lunefulle sommarvêr – får duge i år.

Mandal kunne eg sikkert skrive meir om. Sidan eg var der sist for ein mannsaldar sidan er det gjort omfattande byutviklingsgrep. Der er kome både «Aker brygge» på gamalt industriområde, nytt kulturhus på andre sida av elva med gang/sykkelbru over – og nytt Amfi-kjøpesenter i randsona av sentrum. Høyrest kjent ut?

Denne turen til Norges sydkyst vart avslutta med ein svipptur til Skjernøy utanfor Mandal, og så heimover til Bergen via Sirdal, Suleskarvegen og Haukeli. Neste langtur går til motsett ende av landet, til dalstroka nordaførr – etter 170 mils bilkøyring,

Uansett kor ein kjem i verden, er det noko å sjå. Grev ein litt, finn ein alltid ei historie eller fleire, og interessante samanhengar kan dukke opp. Eg ser at eg som pensjonist er heldig med min fagbakgrunn. Det kjem nok fleire geografitimar.

Veldig kjekt med geografitime. Får lyst til ein sørlandsekspedisjon.
LikarLikt av 1 person
Kjekt å lese Liv. Kjekt å reise for oss geografer – alltid noe spennende å dvele ved. Og du har jo som alltid en god penn. Fortsatt god sommer! Virker som dere stadig er på reisefot.,
LikarLikt av 1 person