Den tidlegare omtalte renoveringa av badet er no til ende. I halvannan månad har snekkar, murar, elektrikar og rørleggjar vore i aktivitet. Vi har hatt unntakstilstand i heimen, og har opphaldt oss mykje i kjellaretasjen. Det kjennest bra å komme seg opp i lyset igjen. Det er jo vår.
Dei grunnleggjande endringane kom raskt på plass, bortsett frå eit par dagars utsetting på grunn av golvfliser som var forseinka frå leverandør. Elles har det vore imponerande koordinering og god framdrift frå alle. Dei ulike handverkarane har sprunge opp og ned trappene i høgt tempo. Dei skulle knapt trenge noko ekstra trening til Stolzen til hausten, om dei no skulle ha ha interesse av det. Og arbeidet er prikkfritt utført.
Det rota seg likevel litt til no i førkonfirmasjonstida. Konfirmasjon er – forutan å vere markør for mykje anna som skal visast fram – også milepel for fornyingar i heimen. Nye kjøkken og bad er vanlege prosjekt. Dermed kom vi i konkurranse med stressa familiar som måtte kome i mål før den store dagen. Og dette auka stressnivået hos handverkarane, som likevel sto han av på tilfredsstillande vis, sjølv om progresjonen i sluttfasen ikkje gjekk heilt etter planen.
For djevelen sitt som kjent i detaljane. Vi har – i tråd med dagens standard – toalett med innebygd sisterne, flislagt på utsida og med kantlister. Akkurat der stoppa det litt opp, og først i går fekk muraren på plass dei to små hjørnestykkene som mangla på kantlistene. Desse bagatellene viste seg å vere meir komplisert å få fiksa enn ein skulle tru. Det viste seg også at det måtte til ein del prøving og feiling før elektrikaren fekk skaffa riktig vifte. Rett etter at muraren gjekk ut døra, var snekkaren innom igjen for å fikse på ein del småting som verken vi eller han var heilt nøgd med. Varmekablane i golvet kan vi ikkje sette på før om to veker. Så alt tar den tida det tar, og litt til. Det er no elles god mentalhygiene å få testa tolmodet sitt.
Så no har vi sagt takk og ha det til alle dei flinke fagfolka. Alt er klart! Og då kan eg vel nesten ikkje nekte lesarane eit lite innsyn i korleis det er blitt:

Inspirasjon frå Sveits
Ikkje alle vil synes at det er riktig med mørke vegger og kvitt golv – dei fleste vil gjerne ha det motsett. Smaken på det dunkle fekk eg allereie då eg på ein studietur til Sveits i 2005 fekk høve til å besøke kurbadet Therme Vals, som er utforma av den kjente sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Det var ei spesiell og ytterst behageleg oppleving å bade i desse omgjevnadene. Anlegget ligg i kommunen Vals i kantonen Graubünden. Det var ferdigstilt i 1996 og vart freda to år seinare.

Romersk badekultur
Opp gjennom historia er det fleire som har hatt det fint på badet. Dei gamle romarane for eksempel. Nymotens offentlege og private bad kan knapt måle seg med keiser Caracallas termer i Roma. Eg har sjølv vore og sett ruinane, som er ein kjent attraksjon. Badet var bygd på den tida då Caracalla (188–217) var keiser. Anlegget ble påbegynt i 211 og stod ferdig i 217, det året Caracalla vart drepen.
Dette var et offentleg bad, for vanlege romarar, kvinner og menn. Det var tre hovudbad: frigidarium (kaldt), caldarium (varmt) og tepidarium (lunkent). Området inneholdt også parkar, museum og bibliotek. Eit anlegg for det utvida kulturbegrepet, med andre ord.

I antikkens Roma var det slavar som sto for byggearbeid. Badeanlegga er nok resultat av slavearbeid. På apostelen Paulus’ tid var kanskje halvparten av befolkninga i Roma slavar. Det var vanleg at krigsfangar vart brukt som slaver, så Romas umettelege behov for fleire slavar må ha vore ein sterk motivasjon til å fortsette å krige.
Sats på fagfolk
I dag er slaveriet avskaffa. Det er ikkje dermed sagt at alt tåler dagens lys i byggebransjen anno 2017. EØS-avtalen har opna for arbeidsinnvandring og mange har fått badet sitt pussa opp av handverkarar frå Aust-Europa. Dei fleste av desse er dyktige fagfolk. Men det finst også useriøse aktørar som utnyttar og underbetaler arbeidsfolk, og svart arbeid er ikkje uvanleg. Ikkje sjeldan høyrer vi skrekkhistoriar om folk som har kasta bort pengar på elendig utført arbeid. Spesielt kritisk er dette i våtrom. Det er då som regel ufaglærte som har vore inne i biletet.
Ein bør tenke seg om før ein slår til på billegaste tilbodet. Det er ikkje fritt for at det er ein del cowboyar i bransjen. Det svarar seg å bruke eit velrenommert firma, der ein på førehand kan drøfte løysingar med erfarne fagfolk, og som tar ansvar for å koordinere dei ulike prosessane slik at alt glir mest mogleg saumlaust. Eit ekstra pluss er det om dei tar inn lærlingar og på den måten tar samfunnsansvar.
Gode fagfolk kan ikkje overvurderast. Mange av oss er glade amatørar som set i gang med svære oppussingsprosjekt i eigen regi. Ikkje alltid med hell. Joda, det er bra å gjere ting sjølv. Men ein bør kjenne si begrensing, og til mange oppgåver bør ein absolutt bruke dei som kan faget sitt.
Plan- og bygningsloven set krav til at det blir nytta fagkyndig personell for oppføring, reparasjon og vedlikehald av tekniske installasjonar. Krav og reglar finn ein i Byggteknisk forskrift (TEK10) §13-20.
Kompetanse i fagutdanning
Ja, vi treng solide og kompetente fagfolk som har skikkelege lønns- og arbeidsforhold. Og då må det sytast for at det blir utdanna nok fagfolk også i byggebransjen. I den seinare tid har det vore nedgang i søknader til yrkesfaga i den vidaregåande skulen, og det er også mangel på lærlingplassar.
Vi lever i omskiftelege tider, med krav til omstilling særleg innan dei oljerelaterte næringane. Også byggebransjen er påverka av konjunkturane. Men det vil likevel alltid vere bruk for kompetente tømrarar, rørleggjarar, murarar og elektrikarar.
I regi av Hordaland fylkeskommune er det for tida på høyring ein Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Planen har fokus på kompetanseutvikling og kunnskapsproduksjon som svar på dei samfunnsmessige endringane. Det er vist til dei store endringsdrivarane som globalisering, eldrebølgja, det grøne skiftet og automatisering og robotisering. Overordna mål er «Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft i Hordaland gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane». Det er eit gjennomgåande krav at det er arbeidslivet sine behov som skal leggjast til grunn.
Fag- og yrkesopplæringa har ikkje fått nokon dominerande plass i høyringsforslaget, men i kapittelet om dimensjonering av fag- og yrkesopplæring vert sett opp følgjande delmål:
- Alle kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass ved at partane i arbeidslivet og fylkeskommunen forpliktar seg til å gjere fag- og yrkesopplæringa meir føreseieleg.
- Betre samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og arbeidslivet lokalt slik at talet på elevplassar samsvarer med talet på læreplassar.
- Auka opplæringskapasitet i arbeidslivet ved å få fleire bedrifter til å bli lærebedrifter
Det er berre å krysse fingrane for at fagutdanninga får den plass og status den fortener.
Eg ser at eg har femna vidt denne gongen. Med utgangspunkt i ein meir eller mindre triviell kvardag er det utruleg kor langt ut på viddene ein kan hamne. Eg likar å sjå både til sides, bakover og framover når eg skriv, og framtidige innlegg blir nok også prega av det. Dei som ventar seg ein interiørblogg får heller søke andre kjelder!
