Større prosjekt i heimen skaper kjedereaksjonar. I går morges kom det ein lystig og morgonfrisk gjeng: røyrleggjar, elektrikar, tømrar, murar. Særleg tømraren – med si muntre plystring – minna meg om mine heltar frå TV-programmet «Tid for hjem». Alle desse skal i gang med å legge grunnlaget for at vi om nokre veker skal få eit tidsriktig bad etter 2017-standard.
Men for at alle desse skal kunne sette i gang med sitt måtte huseigarane gjere grundige førebuingar. Og då snakkar vi ikkje berre om veker med planlegging og funderingar om form og farge, innhenting av prisar og avtale med firma. Eg er no oppdatert på baderomstrendar og kva som finst på markedet. Kan nesten starte som konsulent på feltet.

Tilgang til røyrsystemet i huset ligg i loftsbod og kjellarbod. Desse bodene har lenge vore ein skamplett i heimen. Altså måtte dei ryddast for å skaffe passasje. Og det er no gjort. Det har tatt dagar med hardt arbeid. Noko har vore reint kroppsarbeid, noko har vore transportarbeid, noko har vore innkjøp. I loftsboden har nye transparente lagringskassar på hjul erstatta pappkartongane. Boss er frakta i fleire omgangar til miljøstasjon. No er det fri passasje og (nesten) orden i sakene.

Men ryddeprosjekt fører også med seg ulike tankeprosessar. Dei har mykje til felles med arkeologiske utgravingar og registrering av artefakter. Her er mykje å ta stilling til: kva kan kasserast, kva skal takast vare på, kva kriterier skal ein nytte for bevaring? Kan noko gjenbrukast? Ikkje alt er rein tankeverksemd heller. Vi snakkar jo her om heilt personlege ting, som har minner og dermed kjensler knytta til seg. Rydding er å ta farvel med fortida. Altså er det duka for sentimentale stunder.
Når det gjeld orden, og mitt forhold til ting generelt, er eg ein splitta person. Eg likar å ha det ryddig, men mislikar å rydde. Eg ønskjer å ta vare på det som kan fortelje om fortida, samtidig som at eg har skremmande lett for å legge ting bak meg. Eg liker fine og gode ting, men vil ikkje ha for mange av dei. Det er ikkje lett.
Farvel til heimesaumen
Det meste av minnestoffet var å finne i loftsboden. Gjensyn med nedpakka baby- og barneklede framkallar kjensler. Gamle pysjar manar fram bilete av femåringen som var raus med godnattklemmane. Ei tid som aldri kjem tilbake. Ungar har det med å skape seg om til heilt andre vesen, på godt og vondt. Gjennomgangen av kleda endte med at det meste gjekk i bosset, det var ikkje i ei forfatning som gjorde det eigna til gjenbruk. Men eg gjorde visse unntak, slik at det no er lagra eit representativt utval. Frå før vart brukte klede også gitt til Fretex og til «Slumsøstrene», der ein før jul tidlegare kunne legge ein sekk med klede under julegrana på Torgallmenningen. Desse vart så delt ut til trengande. Det er det no slutt på. Det er blitt for mange som forsyner seg direkte.

Heimesydde overallar og heimestrikka gensarar er ei påminning om ei tid der heimesaum var standard. Symaskina – ein avansert Husqvarnamodell – fekk eg i gave frå foreldra mine tidleg på 70-talet. Den avløyste den svarte gamle handsveiva Singermaskina, og var i flittig bruk heilt fram til 80-talet. Vekeblada frå den tida strutta av oppskrifter og mønsterark. Etter kvart overtok ferdigsydde og billege klede frå lavkostland, noko som tok knekken både på heimesaum og heimlege tekstilbedrifter.
Eg har tatt vare på ein del vellukka heimesydde eksemplar. Blant anna nokre usedvanleg forseggjorte snekkarbukser. Har eg verkeleg hatt tolmod, flid og handlag til dette? Men nød lærer nøgen kvinde at spinde, som det heiter. Eg sydde også min eigen garderobe stort sett. Alle gjekk forresten i heimesydde fløyelsbukser med sleng på 70-talet.
Av det som no gjekk i Fretex-konteinaren var også eit par så å seie ubrukte bieksoar. Desse «samestøvlettane» i lysebrunt skinn var ein del av uniforma på 70-talet, saman med Fanajakke, fjellanorakk og ofte med Palestinaskjerf i tillegg. Dessverre viste dette fottøyet seg å være totalt ueigna i Bergensvintrane.
Kunstløpskeisene frå ein barfrostvinter på 80-talet, brukt kun éin gong, på Langevatnet i Åsane, har eg enno ikkje lokalisert. Dei ligg truleg ein stad under vesker og koffertar som enno ikkje er komne på geledd i boden.
Gjenbruk og gløymsle
Loftsboden kunne også by på restegarn i overraskande mengder, etter mange års aktivitet med strikkepinnane. Ikkje så mykje frå dei siste 10-15 åra riktignok. Eg trudde eg hadde kontroll på alt av restegarn, men her dukka det opp meir. Har eg verkeleg gjennomført så mange strikkeprosjekt? Eller – nei, alle er faktisk ikkje gjennomførte. Også tidlegare har eg oppdaga halvgjorte strikketøy som eg i ettertid anten har fullført eller transformert til pute. Men no dukka det forsyne meg opp eit strikketøy der heile bolen var ferdig – til og med i eit temmeleg avansert strikkemønster. Så har eg tydelegvis gått trøytt og lagt det til side utan å begynne på ermene. Dette skulle bli ein kvit Aran-genser (sjå biletet under). Korleis er det mogleg å gløyme/fortrenge slikt? Hjernen er og blir eit mysterium. Eg kjem nok ikkje til å fullføre dette. Blir det ny pute tru?

Eg har lenge hatt planar om å strikke ein restegarnsgenser til meg sjølv. Ein del av restegarnet besto av mohairgarn frå 80-90 talet, då fargerike og breiskuldra mohairgenserar var på moten. Denne planen har eg no faktisk nettopp realisert. Eg har vore i ei strikkeboble i eit par månader no, med tre genserar som resultat – to av desse med garn frå min nye favoritt Hillesvåg ullvarefabrikk, den tredje altså av restegarn.

I tidlegare generasjonar, ja, også då eg vaks opp, vart avlagte klede tatt vare på. Dei skulle klippast opp i remser (mattefiller) og vevast til filleryer. Eg likar å tenke på at eg ved å bruke restegarn bevarar denne tradisjonen.
Det er muleg at eg no, når eg ikkje lenger har jobben å gå til, har latt kompenserande aktivitet ta litt overhand. I så fall er eg sikkert arveleg belasta. Mor mi hadde, sjølv i langt framskriden alder, ein virketrang som førte til at ho aldri hadde samvit til å sitte i ro. Kanskje dette har noko å gjere med sosiologen Max Weber si tese om den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Ei av mine stammødre utvandra frå Oppdal til Målselv, i følgje med Hans Nielsen Hauge, som forutan å vere lekpredikant var industrigründer og forkjempar for flid og praktisk arbeid. Eg har høyrt at han strikka mens han var ute på sine vandringar.
Glimt frå studentlivet
Boden inneheld også kartongar med diverse uspesifisert innhald frå studietida ved samfunnsvitenskapeleg fakultet ved Universitetet i Bergen på 70-talet. Her fann eg mellom anna nokre eksemplar av studentavisen StudVest frå 1975-76, stensilar med pensumlitteratur, notatar og eksamensoppgåver.

Studentavisa er prega av ei tid med brennande politisk engasjement på mange felt, og med steile frontar. Eit raskt blikk på eit tilfeldig utval av pensum tyder på at mange tema er høgst relevant i dagens samfunnsplanlegging – stikkord regionalisering, distriktsutbygging, gettofisering og aldring. Og eg ser tydeleg at eg – utan heilt å vite det den gongen, utdanna meg til ein jobb på regionalavdelinga i fylkeskommunen. Elles er nok revolusjonens røyst stilna i dagens studentaviser.
Ryddinga er ikkje heilt avslutta enno. Det kan altså dukke opp meir som stimulerer til aktivitet i toppetasjen.
