Morsmål og andre mål

Den 21. februar er ikkje berre kong Harald sin bursdag, det er også den internasjonale morsmålsdagen. Dagen vart erklært av UNESCO i 1999 og er markert kvart år sidan. Formålet med denne dagen er å fremje språkleg og kulturelt mangfald. Slik sett gir det meining å sjå morsmålsdagen og kongens bursdag i samanheng.  Som kjent har kongen ved fleire høve vist seg som talsperson for inkludering og mangfald. Kva ein elles måtte meine om kongehuset og monarkiet si framtid  skal eg la ligge. Eg lar språk og ikkje Norges sin konstitusjon vere tema denne gongen.

fullsizeoutput_1847
Morsmåltreet – symbol for morsmålsdagen

I Norge vert det snakka over 200 språk og folk med ulike morsmål har lenge levd side om side. Med innvandring og flyktningar er mangfaldet aukande. Morsmål blir oftast definert som førstespråk, det vil seie språket ein har lært først, nytta mest og er mest knytta til.

I Norge har vi meir enn eitt morsmål. Vi har samisk og kvensk. Og så er det dei to variantane av norsk skriftmål, bokmål og nynorsk. Vi har eit mangfald av dialektar, som i dag ser ut til å vinne fram som skriftspråk på sosiale media og i tekstmeldingar.

Men så var det dette med nynorsken då. Kva skal ein no med dette grautmålet? Nynorsken må stadig forsvare sin plass i norskopplæringa.  Ein kan jo lure på kvifor det er så uendeleg mykje meir brysomt å lære seg nynorsk enn å lære seg engelsk? Sjølv i distrikt som opphavleg har dialekt som ligg tett opp til nynorsk, som for eksempel i nabokommunane til Bergen, er motviljen ofte stor.

Sjølv hadde eg bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål heilt til eg som tilsett i Hordaland fylkeskommune fekk krav om å nytte nynorsk som tenestespråk. Overgangen gjekk fint, og eg oppdaga at det er god språkleg oppdraging å bruke nynorsk. Mange tenker ikkje over at det er eit fortrinn å kunne beherske nynorsk dersom ein tar sikte på jobb i offentleg forvalting på Vestlandet. Direkte matnyttig altså.

Sidemålet sin framtidige plass i skulen er stadig eit heitt diskusjonstema. Meir om tema sidemål i Framtida. Og sjølvsagt på Noregs mållag si nettside.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring har ei nettside om Tema morsmål. Sida er først og framst retta inn mot dei som har ansvar for morsmålopplæring for framandspråklege elevar, men inneheld informasjon og tips som er nyttige også for andre.

Å lære framande språk

«Språk er ei slags dør ein går gjennom» er tittelen på eit seminar som finn stad 8. mars på Universitet i Oslo, Senter for flerspråklighet. Å kunne fleire språk er viktig kompetanse både for den enkelte og for samfunnet.  Sjølv har eg alltid hatt ei interesse for språk. Språklæring er kodeknekking, rett og slett spennande. Takk vere engelsklina på det som ein gong heitte gymnaset fekk eg opplæring i tre framandspråk, tysk, engelsk og fransk. Alle har kome til nytte.

Eg er tiltrekt av å lære meg tilsynelatande unyttige ting, og slik sett har eg nok litt av Askeladden i meg.  Eg er dessutan overtydd om at å lære språk er førsteklasses hjernetrim, altså veleigna som pensjonisthobby.

For over tjue år sidan gjekk eg på Folkeuniversitetet sitt kurs i russisk, faktisk i fleire semester . – Kva i all verda skal du med det, var spørsmålet eg fekk då eg kom til å nemne dette under eit tilfeldig møte med no avdøde geografiprofessor Jens Chr. Hansen. Nei, sei det. Eg har enno ikkje hatt høve til å praktisere russisk, og sjølvsagt har russiskkompetansen rusta kraftig i løpet av desse åra. Eg kan det kyrilliske alfabetet sånn nokonlunde, og kjenner att eit og anna ord når det blir snakka sakte og tydeleg. Putin er grei slik, han snakkar klårt og tydeleg når han viser seg, det skal han ha.

screen480x480
Askeladden, på veg ut i verda med språkleg niste?

No når det snart vert sett opp direkte flyrute Bergen-St. Petersburg  blir det meir aktuelt med ein tur dit. At tilhøvet til vår store granne i aust er inne ein kjøleg fase bør ikkje vere ei hindring. Jo, Russland står absolutt på reiseprogrammet, og eg meiner at eg til tross for manglande praksis vil vere betre rusta enn dei fleste. Høfligheitsfrasene og matrettane skulle vere lette å repetere.

I den seinare tid har eg – takk vere det gratis og nettbaserte språkopplæringsprogrammet Duolingo – tileigna meg ein del spansk.  Ifølgje Duolingo er eg no 51% flytande i spansk! Eg anbefalar gjerne Duolingo, men ein må vere førebudd på nokre besynderlege og naturstridige øvingssetningar. «La tortuga bebe leche» (= Skilpadda drikk melk) er eit eksempel.  Mi ferdigheit i spansk er begrensa til å forstå det meste av hovudinnhaldet i ei skriftleg tekst. I konversasjon kjem eg til kort.  Eg bør nok helst ha eit lengre opphald i eit spanskspråkleg land for å bøte på dette. For ein pensjonist skulle dette ikkje vere umogleg.

Morsmål på bussen

Eg bur i ein bydel der mange har eit anna morsmål enn det norske. I nabolaget er det kommunale bustader som husar folk med flyktningebakgrunn, her har vi Norges handelshøyskule med studentar frå mange land, og ein vidaregåande skule med ein god del innvandrarar. I tillegg kjem dei mange austeuropearane som er sysselsette med  ulike byggeprosjekt rundt omkring, og som også har familiar her.

16548134556_b3043700b1_b
Buss nr 6 for transport med språkleg mangfald

På bussane til og frå bydelen svirrar alle slags tungemål. Eg må vedgå at eg ofte fell for fristelsen til å tjuvlytte på samtalar, ofte er det heller ikkje til å unngå. Folk er ikkje alltid veldige diskrete sjølv om dei har ein heil buss som publikum. Men her får eg problem. Samtalar på språk der eg kan litt krev høg konsentrasjon for at eg skal kunne forstå kva det vert snakka om. Og kva då med arabisk, somalisk, kurdisk, urdu osv?  Kva snakkar dei om, dei passasjerane som har desse morsmåla?? Der er eg heilt hjelpelaus. Det er frustrerande. Eg vert frista til å lære meg desse språka og knekke nye kodar!

Til dei nye som kjem til landet vårt blir det stilt krav om å lære seg språket. Og for å kunne lukkast med integrering i samfunns- og arbeidsliv er dette sjølvsagt viktig. Men kor lett er det å lære eit nytt språk? For ungane går det sikkert greit, dei kan nok både halde på morsmålet sitt og tileigne seg det nye språket om det vert lagt til rette for det. Men kva med dei litt lenger opp i åra? Av erfaring kan eg love at det er utfordrande å få språk til å sitte når ein er over sin første ungdom.

Eg har elles merka meg at mange av dei som er mest innvandringskritiske ser ut til å slite litt med eige morsmål, om ein skal dømme etter kommentarfelta. Om vi snur litt på det – kor enkelt ville det vere for oss innfødte nordmenn om vi for eksempel fekk krav om å lære oss arabisk? Kanskje noko å tenke på.

 

 

Kommenter innlegget