Det er ikkje alltid enkelt å velje seg ut eit tema å skrive om. Det er så alt for mykje å gripe fatt i, både med tanke på fortid, nåtid og framtid. Ikkje er det alltid så lett å samle tankane heller, langt mindre kome med noko djupsindig. Av og til kan det kanskje vere nok berre å ta utgangspunkt i nærmiljøet eller siste sundagstur. Om ein ser godt etter har dei fleste stader noko ved seg, anten det no gjeld botaniske tilhøve, natur, kulturlandskap eller lokalhistorie.

Hellemyren
Eg bur på staden der Amalie Skram henta inspirasjon til bøkene om Hellemyrsfolket. Det vil seie ytterst i Sandviken, nær Fagerdalen, der det låg ein husmannsplass som no er nedbygd av nye bustadblokker. Skildringa av plassen i bøkene passar perfekt til skildringa av husmannsplassen Øvre Fagerdal. «Olaplassen» er ei lita slette her, som på tidspunktet før utbygginga var nokså attgrodd. Eg var fleire gonger der og plukka bringebær og bjørnebær.
Det var mykje strid om dette byggeprosjektet. Mange, bl.a. forfattaren Gunnar Staalesen, engasjerte seg sterkt for å bevare området som eit kulturminne. For å bøte litt på tapet har husrekka over fått namnet Olinestien, oppkalla etter Oline – «Småfylla», som i sitt trasige liv trøysta seg med sterk drikke og som la i veg både til byen og til Salhus for å slokke tørsten. Og som ved eit slikt høve endte sine dagar på tragisk vis.
I lia over Fagerdalen går det ein sti opp mot Hellefjellet, her passerer ein restar etter noko som kan ha høyrt til husmannsplassen (sjå biletet under). Det går elles stiar på kryss og tvers i skogsområdet her. God kvardagstrening i tildels bratt terreng – bra for oss moderne menneske som ikkje treng å springe etter kyrne.

Ytre Sandviken, som no er ein relativt sentral del av Bergen by, var på Amalie Skrams tid seint på 1800-talet for strileland å rekne. Hit ut gjekk ingen veg, for å komme til byen var det vanleg å ro. På Lønborg, i nærområdet til badeplassen Helleneset, var det fleire småbruk. Då området vart utbygd på 1960-talet forsvann spora etter desse. Det er underleg å tenke på at det eigentleg ikkje er særleg lenge sidan folk kjempa for tilvêret i landskapet rundt oss. I dag er Ytre Sandviken eit attraktivt bustadområde med tilsvarande høge prisar.
Her vi bur på Lønborg kan vi sjå rett over mot Askøy, som har sitt litterære motstykke til Hellemyrsfolket, om enn berre i namnet. Eg var ein gong til stades i eit familieselskap der det var til stades folk frå Juvik på Askøy. Ein av deltakarane meinte det var interessant at ein no omsider hadde fått til eit møte mellom Hellemyrsfolket og Juvikfolket!
I boka «Ytre Sandviken – fra Hellemyrsfolket til moderne bydel» av Jo Gjerstad (2012) er det utførlege skildringar av gardane og dei som budde der. Sjå lenke
Stallane
Eit stykke lenger nord for den gamle kommunegrensa mellom Bergen og Åsane, inn forbi Eidsvåg, ligg Jordalen og Selvik. Oppe på ei hylle mellom Jordalen og Vinddalen ligg husmannsplassen Stallane. Hit kjem ein anten frå inst i Jordalen eller frå Selvik. Staden er eit populært turmål for store og små, av og til i helgene er det visst også servering med kaffe og vaflar. Det mangla sist sundag, men her var likevel folk på tur.

Vinddalen og Ulskebjørnen
Interessant er det også å ta turen innom Vinddalen. I denne bortgøymte dalgropa under fjellet Ulskebjørnen ligg det ein stor gard. Det var i si tid skipsreiar Wallem som i 1937 kjøpte dei to gardsbruka som var her frå før. Desse var opprinneleg husmannsplassar under Jordal. Wallem ville omskape Vinddalen til eit mønsterbruk, og fekk sett opp ei løe som i si tid truleg var den største i heile Hordaland, til og med med flislagte vegger.
Nokre dagar etter sundagsturen til Stallane klatra min spreke sambuar opp på Ulskebjørnen og då vart det bilete av Vinddalen i fugleperspektiv. Og eit utsiktsbilete.


Her kan du lese meir om husmannsvesenet i Norge
