
Eg har vore nordpå ei vekes tid. Det vil seie: først nokre dagar i Bardu, på min fødestad, no i Tromsø. Som pensjonist er ein fri til slikt. Men lommeboka bør ikkje vere for slunken. For same prisen som flyreisen Bergen – Bardufoss kunne ein nok fått seg ei veke under heilt andre himmelstrøk, trur eg til og med kunne ha komme meg heilt til Florida. Men eg ønsker meg altså vinteren her i nord, som ei motvekt mot den lite tilfredsstillande bergensvinteren. Men her som der er denne årstida utfordrande nok. Etter eit par strålande, men kalde vinterdagar i Bardu slo vêret om til nullføre med regn, sludd og snø. Med tilhøyrande utfordrande køyreforhold på speilglatte vegar og ein buss som vart ein time forseinka på veg til Tromsø på grunn av trafikkulukke undervegs og påfølgjande opprydding og vegstenging.
Å vende tilbake
Tilfeldigvis har eg hatt med meg siste bind av Elena Ferrantes Napolikvartetten som lesestoff. Her kjem hovudpersonen tilbake til Napoli etter å ha gjort karriere som forfattar og i den akademiske verden. Endringane ein ser er farga av dei erfaringane ein har gjort i mellomtida. Så kva er det eigentleg ein ser når ein vender tilbake til ein stad? Interessant perspektiv når ein er tilbake på gamle trakter.
No er eg altså i Tromsø, i veka der TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival – går av stabelen for 27. gong. Ei stor årleg begivenheit som får folk til å gå mann av huse, fylle opp sentrumsgatene og det som måtte vere av kafear, pubar og restaurantar i Tromsø – og dei er ikkje få. Tromsø er byen i Norge med størst kafetettheit i forhold til folketalet. Og noko av grunnen til den heilt spesielle atmosfæren i byen under denne veka er nok at det er eit intimt sentrum. Kinovestibylen har direkte inngang til det flotte biblioteket, som ligg der Fokus kino låg tidlegare. Rådhuset ligg i same kvartal, og på andre sida av gata ligg Kulturhuset, med tilhøyrande kafe.
Under festivalen risikerer ein å treffe att bekjente og klassekameratar ein ikkje har møtt på fleire tiår. For eg gjekk altså på dei som den gongen heit Tromsø Gymnas, no Kongsbakken vidaregåande skule, den staselege raude bygninga som tronar på toppen av Kongsbakken, godt synleg sentralt i bybiletet. Så eg er altså på gamle tomter. Sidan eg heldt til her på 60-talet har det skjedd utruleg mykje med byen. Utelivet har likevel alltid vore eit særpreg. På 60-talet var det til ei kvar tid på døgnet folk å sjå på hjørnet utanfor BUL. Heile dette kvartalet strauk med i bybrannen i 1969, men det er ei anna historie. Til tross for at det no er serveringsstader å sjå overalt i sentrum, ser ikkje talet på butikkar ut til å ha auka nemneverdig. Kvifor? Svaret finn vi nok på andre sida av Tromsøya der Jekta storsenter trekkjer til seg bilfarande kundar. Snart kjem også IKEA dit. Vi kryssar fingrane for eit fortsatt levande sentrum, også for handel og ikkje berre kafe- og festivalgjestar.

Å vende tilbake har også vore eit tema i fleire av dei filmane eg har sett. Karenina & I handlar om skodespelaren Gøril Mauseth som skulle spele Anna Karenina på teatret i Vladivostok og som under den lange reisa med den transsibirske jernbanen gjorde store anstrengelsar for å leve seg inn i rollen og samtidig øve seg i det for henne ukjente russiske språket. No vart det likevel slik at ho måtte spele rolla si på norsk. Men eit av resultata av dette var at ho fann tilbake til seg sjølv og staden der ho vaks opp – nemleg Kjøllefjord i Finnmark. Det kan verke som litt spesielt å måtte gå vegen om Anna Karenina sin historie og skjebne og reise heilt til Vladivostok for å erkjenne denne tilhøyrigheita. Men for sjåarane var det no i alle fall ein interessant road-movie.
Den beste filmen av dei eg har sett til no må nesten vere den argentinske komedien «A distinguished citizen» som handlar om ein suksessrik Nobelprisvinnande forfattar, født i Argentina, busett i Barcelona, som er gått lei av virak og avslår alle invitasjonar, men som motvillig likevel mottar invitasjonen frå den den nokså ubetydelige heimbyen i Argentina. Her blir han utnemnt til æresborgar, men forventningane hos folka i heimbyen er vanskelege å møte og populariteten dalar.
Poesi og politikk
To av dei andre filmane eg har sett dreier seg også på kvar sitt vis om poetar. Pablo Neruda, den chilenske poeten og politikaren måtte i 1948 flykte frå regimet, og filmen «Neruda» handlar om dette. I filmen er han skildra som ein samansett person. Det som gjorde denne filmen spesielt interessant var forteljargrepet og skildringa av forfølgjaren, den unge og ambisiøse politimesteren som ønskjer å vere ein del av diktaren si forteljing. Den andre filmen – «Shun Li and the Poet» er ei nydeleg skildring av venskapet mellom den kinesiske jenta som har fått seg jobb i ein hamnekafe i ein fiskarlandsby i Venezia-lagunen og den eldre fiskaren med ei poetisk åre, innvandrar frå Jugoslavia. Heller ikkje desse fekk vere i fred for omgjevnadene si mistenkeleggjering.
Eg har sett mange fleire filmar som eg ikkje nemner her. Eg er ikkje filmkritikar og kjenner mi begrensing. Det fine med slike internasjonale filmfestivalar er at ein får innblikk sosiale og politiske forhold som elles går under radaren her heime. Så kanskje fortener den indiske dokumentarfilmen «An insignificant man» litt omtale. Kven har for eksempel høyrt om det nye politiske partiet Aam Admi Party – «partiet for alminnelege folk»? Partistiftaren Arvind Kejriwal blir kalla Indias svar på Bernie Sanders. Partiet utfordrar etablerte parti, korrupsjon og maktstrukturar. Parallellen til vestlege protestparti er interessant. Dette høyrer ein ikkje mykje om i media på våre kantar.

I løpet av desse dagane i Ishavsbyen har eg sjølvsagt besøkt ei rekkje av dei talrike kafe- og pubtilboda. Ingen nemnt, ingen gløymt, med unntak av sjølvaste urpuben: Ølhallen. I mi tid i byen på 60-talet var dette helst ein stad for mannfolka, stengetid var kl 16 og dametoalett kom det ikkje før seinare. No kan denne tradisjonsrike staden skilte med eit imponerande utval av ølsortar og eg holdt på å seie også damer. Rema (RÆma, eventuelt RÆva) erta på seg Mack i si nylege innskrenking av ølsortar i butikkane. Dette er sjølvsagt med på å fyre oppunder den ulmande, for ikkje å seie veksande motsetnaden mellom sentrum-periferi både i landsdelen og i landet for øvrig. I same slengen kan vi nemne ulv, kommunereform, regionreform og forsvarspolitikk. Vi går spennande tider i møte.

Den 21. januar, som i år fall på laurdagen, er soldagen i Tromsø. Fyrverkeriet som skulle vore avfyrt frå Fløyfjellet på nyårsaftan vart utsett til soldagen på grunn av vêret. Sola viste seg dessverre ikkje, men fyrverkeriet som vart avfyrt på Mandelasletta var riktig så flott.
Eit par filmar også i dag søndag, så går turen tilbake til Bergen. Denne gongen vart det Tromsø som fekk mest merksemd, men eg kjem nok tilbake med meir stoff om Bardu og andre stader etter kvart. Til veka går elles kjempearrangementet Arctic Frontiers av stabelen i Tromsø, med notabilitetar frå inn- og utland. Det skjer mykje her nordpå.

