Med hjarte på/i/for rette staden

Mine gamle kolleger hadde mykje moro av  vanen eg la meg til i løpet av det året eg øva meg på å bli pensjonist. På onsdagane kl. 1610 slo eg på fjernsynet der «Med hjarte på rette staden» (eller Heartbeat som det heiter på originalspråket) går i evig reprise på NRK2. No er nettopp bunken snudd slik at vi har fått omstart på dei aller første episodane. Alf Ventress og Oscar Blaketon er kraftig forynga og sist nemnde er ikkje gått av med pensjon enno, men driv framleis og terroriserer undersåttane sine. 60-talsmusikken rular, og vekker til live sterke minner om mi ungdomstid på 60-talet.

I den tilsynelatande fredelege fiktive småbyen Aidensfield i Yorkshire blir den lokale politistyrken stadig sett på prøve av så vel lokale småskurkar som litt meir utspekulerte framande som kjem for å skape trøbbel. Men det var ikkje dette eg skulle snakke om. Heller ikkje om livet på den lokale puben, der både høg og låg i lokalsamfunnet samlar seg om ein pint eller fleire. Eller kanskje dette likevel kan vere eit bakteppe?

img_2977
Nye bygg reiser seg i Elsesro

Som mangeårig innbyggar i Sandviken har eg fått eit hjarte som bankar for denne heilt spesielle bydelen. Eg delar patriotismen med mange som ivrig legg ut bilete og lokalhistorie på sosiale media. Sjølv har eg har vore så lenge på denne kanten av byen at til og med Ottoen – byoriginalen som gjekk bort sist julaften – brukte sykkelen sin til å sykle på den gongen eg gjorde mitt inntog i Sandviken.  For kvar gong eg har flytta, har flyttelasset berre gått litt lenger utover  Frå småbyidyllen i Rosegrenden, via Hatleberg og Fagernes i Breiviken har eg arbeidd meg nordover slik at eg til slutt havna på Lønborg, og altså no stangar mot den gamle bygrensa mot Åsane. Vi er naboar med dagens Hellemyrsfolk (det er ein annan historie som eg kanskje kjem tilbake til ein annan gong).

nytt-notat
Ottoen som gatekunst

Sandviken er frå naturen si side velsigna med nærheit til sjøen og til fjellet. Og same kor ein befinner seg kan ein sjå sjøen og utsikten vestover. Om ikkje akkurat frå eige vindauge, så i alle fall eit gløtt om ein tar nokre skritt utandørs. Eller kanskje heller såg. For kva er det som skjer? Heile strandsona er no i ferd må i bli nedbygd av ruvande bustadblokker som stenger for utsyn og tilgang til sjøen. Siste skotet på stammen (eller for baugen, alt ettersom) er det som no er i ferd med å reise seg i Elsesro, næraste nabo til Gamle Bergen. Det skal seiast at den gamle bebyggelsen som no er riven, ikkje akkurat var nokon pryd, men må ny utbygging skje på ein så brutal måte?

img_2976
Gamle Bergen

Eg er på ingen måte mot fortetting der dette er tenleg for byutviklinga. For å skape ein levande by er det viktig å legge til rette for varierte bustader som kan fylle behovet for fleire grupper, også unge og barnefamiliar. Men dei nye leilegheitene som reiser seg i strandkanten er svindyre og knapt eigna for yngre familiar. Dette gjeld forøvrig ikkje berre Sandviken. Det er freistande å kalle dette skurkaktig utbygging.

Eg er heller ingen nostalgikar som vil bevare Sandviken som ein småby med små kvite trehus – slik som i museet Gamle Bergen. Og eg ser også at noko av dei gamle næringsbygga lyt vike. Men hadde det ikkje vore fint om ein tok vare på det beste kvalitetane ved bydelen, at det vart lagt til rette for fleire grøne område og møteplassar, ja, tenk om det hadde vore ein samanhengande strandveg langs heile Sandviksbukta?

Som byutviklar og utbyggar lyt ein ha hjartet på – og for -rette staden!

 

 

 

4 tankar på “Med hjarte på/i/for rette staden

Kommenter innlegget