
Fri på det som tidlegare var arbeidsdagar fører med seg nokre nye dagsrutinar, eller skal vi heller seie moglegheiter. Det betyr at ein kan gå tur midt på blanke kvardagen, medan dei yngre årgangane er på jobb, skule eller barnehage. Det er då ein oppdagar alle jamnaldringane som er ute i same ærend. Spreke 60+, gjerne to og to, sporty kledd med det nyaste innan fottøy, raske og ledige i ganglaget. Fint det, og no er det slik laga her i denne bydelen Ytre Sandviken at vi har fått svære og breie turvegar som er skånsame for slitne kne. (Graden av tilrettelegging og inngrep i naturen kan gjerne diskuterast, men det let eg ligge her og no).
For eit kvart århundre sidan flytta vi hit til denne bydelen som vart bygd ut på slutten av 60-talet. Vi kjente oss eigentleg litt for unge mellom alle 60+ i nabolaget, og ville nok føretrekkje ein meir variert aldersamansetnad. Det løyste seg etter kvart. Det kom ungar som leikte i gata, generasjonsskiftet gjekk sin gang. Men no er forsyne meg også dei ungane vaksne og har forlengst fått seg kjærestar og om dei ikkje er flytta heimanfrå så er det like før. Så no er det altså vi som er mellom dei før nemnde litt keisame 60+ som er å observere i nabolaget og ikkje minst på nærbutikken. Men til skilnad frå tidlegare ser det ut til at denne aldersgruppa vert sprekare og sprekare, og det er dei ein helst møter i fin driv på Eidsvågfjellet og i Munkebotn.
Då eg flytta til Bergen var uniforma til Bergensmadammene på 60+ marineblå poplinskåpe, handveske, hatt og brune snøresko, og paraply sjølvsagt. Det var også som regel turantrekk. Slik oppfatta eg dei den gongen, og kanskje er hukommelsen min selektiv. Men eg er i alle fall sikker på at sprekare 60+ åringar enn no i 2017 har vi aldri hatt – og aldri har dei vore så talrike heller. Om 20 år er vi ikkje fullt så spreke lenger, men framleis talrike. Det blir ei utfordring for dei som hoppa paradis i gata på 90-talet. Demografien kan sporast og observerast i alle bydelane i Bergen, for ikkje å snakke om i nabokommunane. Slikt kan vere interessant for ein pensjonert geograf på tur.
